India Catalina (149511. mai 1538) var ei kvinne frå det innfødde mokanáfolket i dagens Colombia, frå den colombianske atlanterhavskysten, som blei kidnappa som barn av dei spanske kolonisatorane. Ho var tolk og mellomledd for Pedro de Heredia med dei innfødde, og spelte ei rolle i den spanske erobra av landet.

India Catalina

Statsborgarskap Det spanske imperiet
Fødd 1495
Galerazamba
Død

11. mai 1538 (42 år)
Cartagena i Colombia

Yrke tolk
Kjend for Tolk for Pedro de Heredia under den spanske erobringa av chibchanarane.
Språk spansk, urfolkspråk
Religion katolisisme
Partnar Pedro de Heredia
India Catalina på Commons

Historie

endre

Catalina var dotter av ein lokal leiar, og blei kidnappa i 1509 av den spanske conquistadoren Diego de Nicuesa frå ein lokal busetnad kjend som Zamba o Galerazamba i det noverande departementet Bolívar.[1][2][3] Ho blei send til Santo Domingo, der ho lærte spansk og blei omvendt til katolisismen, men blei framleis rekna som slave.[4] Ho verka som tolk for dei innfødde amerikanarane under Pedro de Heredia si erobring av Colombia.[5] Ho var òg konkubina hans i mange år,[6][7] men etter at ho tok han til retten for å ha stole gull,[8][9] er det mogleg at Pedro gifta henne bort til brorsonen sin Alonso Montañez.[10] Ho døydde i Cartagena de Indias den 11. mai 1538.

Namnet «india (‘indianske’) Catalina» blei nytta i eit brev som Pedro de Heredia sende til Kong Carlos V i 1533. Det opphavlege namnet hennar blei aldri nemnd i dokumenta.

Monument

endre
 
Monumentet ligg i det historiske sentrum av Cartagena. St Felipe-slottet i bakgrunnen.

Eit monument til India Catalina blei utforma av Eladio Gil Zambrana og avduka i 1974. Små kopiar av han blir nytta til prisane i Cartagena filmfestival.[11]

Sjå også

endre

Kjelder

endre
  1. Archivo General de Indias. Probanza de Álvaro de Torres, Alguacil del Cartagena. Santa Fe, 80, N. 10 A, fol. (41 r) 2.
  2. De Castellanos, Juan. Historia de Cartagena, op. cit., p. 22.
  3. Simón, Pedro, Fray, op. cit., Tomo V, Capítulo XIII, p. 73.
  4. Urbina Joiro Hernán. Entre las huellas de la india Catalina. Bogotá. Universidad del Rosario, 2017, p. 80.
  5. Fernández de Oviedo, Gonzalo. Natural y General Historia de las Indias, op. cit., Vol. 3, p. 144.
  6. Archivo General de Indias. Información tomada por el obispo. Declara Juan Alonso Palomino, criado del gobernador Pedro de Heredia, el 22 de noviembre de 1535. Justicia, fol. 33r.
  7. Archivo General de Indias. Declaración de Juan Alonso Palomino, criado del Gobernador Pedro de Heredia. Justicia, 522.
  8. Archivo General de Indias. Primera declaración de la india Catalina contra Pedro de Heredia en primer juicio de residencia en Cartagena. Justicia, 521, Fol. 169R a Fol.170.
  9. Archivo General de Indias. Segunda declaración de la india Catalina contra Pedro de Heredia en primer juicio de residencia en Cartagena. Justicia, Justicia 522, Fol.191V a Fol.192.
  10. Urbina Joiro Hernán. Entre las huellas de la india Catalina. Bogotá. Universidad del Rosario, 2017, p. 80.
  11. Urbina Joiro, Hernán. Entrevista a Víctor Nieto. Cartagena. 2004. En: Entre las huellas de la india Catalina, Universidad del Rosario, 2017, p. 124.