Indrefilet er eit kjøtstykke som kjem frå under dei korte ribbeina i bakre del av kroppen til slaktedyr. Han er gjerne den møraste delen av kjøtet. Ein kan få indrefilet frå storfe, lam og svin,[1] og visse typar vilt, som hjort, elg og reinsdyr.

Skjematisk vising av slakt (okse). Tenderloin tilsvarar indrefilet
Omnsbakt indrefilet

Indrefileten er danna av den store lendemuskelen (psoas major)[2] som bind saman ryggsøyla og lårbeinet. Frå kvart dyr får ein dermed to filetar. Ein hel, reinskoren indrefilet frå kjøtfe kan vega rundt 1,5 kg, noko høgare eller lågare avhengig av typen. Den særskilde mørheiten kjem av at at muskelen ikkje ber vekt, er lite brukt og dermed blir utsett for lite rørsle og belasting.

Førsteklasses indrefilet kjem frå kjøtfe. Ein slaktar gjerne slikt fe ved ein alder på 18 månader. Aberdeen angus er rekna som ein særs god kjøtferase med høg grad av intramuskulært feitt. Berre det japanske wagyu-kjøtet har betre marmorering.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «tenderloin - definition of tenderloin in English | Oxford Dictionaries». Oxford Dictionaries | English. Arkivert frå originalen 2. januar 2017. Henta 2. januar 2017. 
  2. Slinde, Erik (14. mars 2019). «indrefilet». Store norske leksikon (på norsk bokmål).