Indusium
Indusium (òg kalla feixianguanium) er den første alderen i tidleg trias. Han strekkjer seg frå mellom 251 ± 0,4 millionar år sidan og 249,7 ± 0,7 millionar år sidan. Alderen startar med perm-trias-utryddinga som enda permtida. Det globale biologiske mangfaldet var lågt gjennom heile denne alderen. Mykje av verda var livlaus, dekt av ørkenar, varm og tørr. Lystrosauridar og proterosuchidar var dei einaste landdyra som dominerte under indusium. Andre dyr, som ammonittar, fiskar, insekt og tetrapodar (cynodontar, amfibiar, krypdyr) var sjeldne. Både havet og innsjøane i indusium var oksygenfattige.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Induan» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- GeoWhen Database - Induan
- The Induan