Tidleg trias (òg kalla nedre trias, buntsandstein eller scythium) er den første epoken i trias. Han strekkjer seg frå mellom 251 ± 0,4 millionar år sidan og 245 ± 1,5 millionar år sidan. Tidleg trias er delt inn aldrane indusium og olenekium. Perm-trias-utryddinga starta tidleg trias, som òg markerer starten på mesozoikum.

Sandstein frå tidleg trias

Dei massive utryddingane som enda permtida og paleozoikum førte til særs stor motgang for dei overlevande artane. Mange typar korallar, armføtingar, molluskar, pigghudingar og andre virvellause dyr forsvann for alltid. Dei vanlegaste sjødyra med hardt skall i tidleg trias var toskjela skaldyr, sniglar, ammonoidar, echinoidar og eit par ledda armføtingar. Det vanlegaste landdyret var ein liten planteetande synapside kalla lystrosaurus. Faunaen i tidleg trias mangla mangfald og var relativ homogen gjennom heile epoken på grunn den omfattande utryddinga i starten.

Klimaet i tidleg trias (særleg i indre område av Pangea) var generelt tørt og ørkenar spreidde seg over store område. Nær polane var det temperert klima. Det relativt varme klimaet i tidleg trias kan ha kome av omfattande vulkanutbrot som førte til auka global oppvarming og kanskje var årsaka til perm-trias-utryddinga.

Sjå òg endre

Kjelder endre