Opna hovudmenyen
Ammonittar
Asteroceras BW.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Overrekkje: Spiralia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Blekksprutar Cephalopoda
Underklasse: Ammonittar Ammonoidea
Zittel, 1884

Ammonittar (Ammonoidea) er ein utdøydd underklasse av blekksprutar. Dei hadde utvendige, ofte spiralforma skal slik som nolevande perlebåtar, men er nærare i slekt med dei nolevande nakne blekksprutane i underklassen Coleoidea.

Gruppa inneheldt 30 000 til 40 000 artar. Storleiken deira varierte frå 1 cm til 2,5 m i diameter. Ammonittskalet var delt inn i fleire rom, eit opphaldsrom og ein seire gassfylte rom som gjorde at blekkspruten kunne halde seg svevande i vassmassane på same måte som nolevande perlebåtar.

Dei første ammonittane kom til under devontida. Dei var særs utbreidde frå midten av devontida, og avtok under mesozoikum. Gruppa forsvann under krit-tertiær-utryddinga for rundt 65 millionar år sidan, i lag med dinosaurane. Størsteparten av ammonittane døydde ut ved fleire høve,men dei få som var igjen utvikla seg som oftast til nye artar og slekter.

Skala er gode leiefossil som kan hjelpa til med å tidfesta geologiske lag. Triasperioden er delt inn i 32 biosonar som er kjenneteikna av kvar sin ammonittart. I Noreg er ammonittar kjende frå mesozoikum på Svalbard, jura-kritlaga på Andøya, og frå kontinentalsokkelen.

OrdenarEndra

Iriserande ammonittfossil til utstilling ved American Museum of Natural History i New York.

Ammonittar kan delast inn i 8 ordenar, her lista opp med den mest primitive først:

I nokre inndelingar er desse gruppene klassifiserte som underordenar i dei tre ordenane Goniatitida, Ceratitida og Ammonitida.

FossilarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ammonoidea