Reed-Prentice var eit føretak i Danbury i New Hampshire i USA, som produserte verktøy og snikkarmaskinar. Føretaket vart stifta i 1912, då dei to føretaka F.E. Reed og Prentice Brothers gjekk saman. Frå 1912 til 1942 produserte dei motorsager for Wolf. Frå 1940 til 1942 produserte dei òg sine eigne motorsager.

Opphavet til at Reed-Prentice tok til å produsera motorsager var at Don J. Smith i Vancouver i Canada i 1937 fekk agenturet for Nord-AmerikaStihl motorsager. På denne tida tok det stundom lang tid å få reservedelar levert frå Tyskland, så Smith tok til å laga dei delene han hadde bruk for på eiga hand. Då 2. verdskrig braut ut vart det slutt på leveransane både av deler og nye sager frå Tyskland. Smith tok då til å produsera sagene på eiga hand i Vancouver, under merkenamnet D.J. Smith. Den fyrste saga, som var ein kopi av Stihl BDK, vart kalla modell A [1].

I 1940 kjøpte Reed-Prentice føretaket til Smith og tok til å nytta merkenamnet Reed-Prentice på motorsagene. Men det var framleis Smith som leia produksjonen. Det var produsert fleire modellar, alle tomannssager. Den best kjente modellen var modell K Timberhogg.

Då USA kom med i 2. verdskrig laut Reed-Prentice produsera krigsmateriale, så dei hadde ikkje kapasitet korkje til å produsera sine eigne motorsager, eller til å halda fram med produksjonen av Wolf-sagene. Med dette vart det slutt på Reed-Prentice motorsager, men ei samanslutning av forretningsfolk i Vancouver kjøpte motorsagavdeling til Reed-Prentice og endra namnet til Industriel Engineering Limited (IEL), og dette føretaket heldt fram med å produsera motorsager i Vancouver. Smith, som hadde tent ein god slump med pengar då han selde føretaket sitt til Reed-Prentice, flytta til Guelph i Ontario og stifta Hornet Industries, og tok til å produsera motorsager att på eiga hand.

Referansar endre

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.