Inese Jaunzeme (21. mai 193213. februar 2011) var ein latvisk friidrettsutøvar, fødd i småbyen Pļaviņas, som representerte Sovjetunionen då ho i 1956 vart olympisk meister i spydkast. Ho var den fyrste latviar som vann OL-gull i friidrett.

Inese Jaunzeme

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 21. mai 1932
Pļaviņas
Død

13. februar 2011 (78 år)
Riga

Yrke spydkastar, lege, kirurg
Høgd 169 centimeter
Inese Jaunzeme på Commons

Jaunzeme vart nummer tre i spydkast under sovjetmeisterskapen i 1956. Dermed fekk ho plass i troppen som i november månad reiste til dei olympiske leikane i Melbourne. I spydfinalen forbetra ho den olympiske rekorden tre gongar, sist til 53,86 meter. Dei to andre medaljevinnarane stoppa på lengder kring 3,5 meter kortare.

Sitt aller lengste spydkast presterte Jaunzeme i 1960, då spydet landa på 55,73 m.

Jaunzeme arbeidde seinare som lege i Riga.

Kjelder endre