Informasjonskløft

Informasjonskløft er eit omgrep som skildrar gapet mellom dei som har tilgang på informasjon og som greier å utnytte dei ressursane dei har tilgjengeleg, og dei som ikkje greier å utnytte informasjonen dei har tilgang på. Dette vil vidare seie at det skjer ei skeivfordeling av informasjon i samfunnet, altså at informasjonen hopar seg opp hos delar av befolkninga, medan den ikkje når fram eller er tilgjengeleg for andre. I dag er det fleire faktorar som kan spele inn på kvifor informasjonskløfter oppstår, og blant desse finn ein utdanning, tilgang til Internett og tekniske kunnskapar. Media er ein sentral aktør i samband med informasjonskløfter, då det er media som står for store delar av informasjonsformidlinga både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Informasjonskløfter mellom sosiale grupper

endre

Utdanning er kanskje den mest utslagsgivande faktoren for informasjonskløfter i eitt og same samfunn. Personar med høgare utdanning vil ofte ha eit betre grunnlag for å tileigne seg informasjon enn lågare utdanna personar. Dette er fordi dei med høg utdanning i utgangspunktet har eit godt grunnlag for å ta imot ny og kanskje komplisert informasjon. Personar med lågare utdanning har ofte ikkje det same grunnlaget, og dermed har dei mindre sjanse til å ta imot og forstå den nye informasjonen som vert formidla.

Ein annan faktor, som kan kome som ein konsekvens av utdanningsgrunnlaget til ein person, er kva informasjonskanal ein vel å nytte seg av. Personar med høgare utdanning vil også her kunne ha betre føresetnader enn lågare utdanna for å velje ein meir riktig informasjonskanal i forhold til å eventuelt finne fram til den nye informasjonen. Høgt utdanna personar kan i mange tilfelle i større grad enn lågt utdanna vite kvar dei skal leite for å finne ny og relevant informasjon.

Sjølv om media som til dømes fjernsyn og radio har eit mål om å nå ei brei mottakargruppe med formidling av viktig informasjon og nyhende, så har dei også underhaldning som eit mål. Program som har eit mål om å underhalde vil i mange tilfelle ta fokuset vekk frå seriøs informasjonsformidling hos sjåarane og lyttarane, og dette kan skape informasjonskløfter.

Informasjonskløfter og Internett

endre

Internett speler ei viktig rolle i informasjonsformidlinga, og dersom ein ikkje har tilgang til Internett, mistar ein moglegheita til å finne og tileigne seg mykje informasjon. I følgje International Telecommunication Union så har brukarar av Internett auka kraftig i løpet av det første tiåret etter tusenårsskiftet. I 2000 var det 400 millionar internettbrukarar på verdsbasis, medan talet i 2010 var auka til over 2 milliardar.[1] Dette betyr at Internett har får meir å seie, og at ein på mange måtar er avhengig av tilgang til Internett og kunnskap om korleis ein brukar det for å greie å halde seg oppdatert på det som hender rundt oss.

Menneske busett i delar av verda der Internett ikkje er like utbreidd som i til dømes Europa og USA, kan ha større vanskar med å finne fram til relevante informasjonskjelder. Dette kan kome av at dei anten ikkje har tilgang til, eller ikkje har kunnskapar om korleis Internett skal brukast. I tilfelle der både tilgang og tekniske kunnskapar er i orden , kan det likevel vere vanskeleg, då økonomi eller for dårlege språkkunnskapar i til dømes engelsk kan stoppe dei frå å tileigne seg informasjon eller nyhende. Dermed kan ein sjå at informasjonskløfter oppstår mellom ulike delar av verda, til dømes mellom vesten og fattige land.

Konsekvensar

endre

Konsekvensar av informasjonskløfter kan verte at avstanden mellom makthavarar og høgt utdanna personar generelt, og meir ressurssvake grupper og personar med låg utdanning, aukar ytterlegare. I denne samanheng vil enkelte tema kome til å verke fjernt og framand for dei ressurssvake gruppene, som då kanskje vil svare med å melde seg heilt ut av samfunnet. Dessutan kan informasjonskløfter medverke til større avstand mellom ulike delar av verda på grunn av mangel på informasjon. Ei breiare informasjonskløft kan i tillegg vere med å auke motsetnadene i samfunnet.

Kjelder

endre
Fotnotar