Infraraud astronomi

Infraraud astronomi er ei grein innan astronomi og astrofysikk som studerer himmellekamar som er synlege i infraraud stråling (IR). Bølgjelengda til infraraudt lys varierer frå 0,75 til 3,0 mikrometer. Infraraudt lys ligg mellom synleg lys og submillimeter-bølgjer.

Carinatåka i infraraudt lys. Bilete teken av Hubbleteleskopet.

Den infraraude astronomien byrja i 1830-åra, få tiår etter William Herschel oppdaga infraraudt lys i 1800. I starten gjekk utviklinga seint, og det var først tidleg på 1900-talet at ein definitivt fann andre himmellekamar enn sola og månen i infraraudt lys. Etter fleire oppdagingar i 1950- og 1960-åra innan radioastronomi, forstod, astronomane mengda informasjon som fanst utafor synlege bølgjelengder, og moderne infraraud astronomi vart grunnlagd.

Infraraud og optisk astronomi vert ofte praktisert med dei same teleskopa, dei same speglane eller linsene.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra