Inga Bjørnson
Inga Bjørnson (4. mars 1871–8. mars 1952) var ein norsk teatersjef som i mange tiår dreiv det fyrste barneteateret i Noreg. Ho dreiv også med sosialt hjelpearbeid og gjorde ein stor innsats for dei gamle.
Inga Bjørnson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1871 Christiania |
Død | |
Yrke | journalist |
Ektefelle | Eyolf Soot, Harald Stormoen |
Barneteater og velgjerdsarbeid
endreInga Bjørnsons Barneteater
endreBjørnson etablerte i 1920 Inga Bjørnsons Barneteater i Oslo (då Kristiania), som ho leia i mange år. Dette var det fyrste barneteateret i Norden, kanskje i heile Europa, og Inga Bjørnson leia teateret i over 30 år.[1] Avkastninga av billettinntektene frå verksemda til barneteateret blei gitt til hjelpefondet «Ut i solen».[1][2]
«Ut i solen» og Solstua
endreI 1930 blei det reist eit tømmerhus på Hvalstad i Asker som til å byrje med blei brukt av pedagogen Anna Sethne. Det var det sosialt engasjerte kunstnarekteparet Otto og Tilla Valstad som hadde skaffa tømmerstua frå Gausdal. Inga Bjørnson var på den tida djupt engasjert i å bidra til betre kår for dei eldste og fattigaste innbyggjarane på austkanten og den indre bykjerna av Oslo, og meinte dei både hadde behov for ljos og luft ute på landet, og for næringsrik kost. I 1935 eller 1936 arrangerte ho den første utflukta til Solstua i Asker for ei gruppe eldre, fattige Osloborgarar.[2] Ho etablerte etter kvart eit eige fond som ho kalla «Ut i solen», og i 1938 gav ekteparet Valstad tømmerhuset på Hvalstad i gåve til Inga Bjørnsons hjelpefond.[2][3] Heilt fram til 1948 eller 1949 – også under andre verdskrigen – fortsette Inga Bjørnson og hjelpefondet hennar å tilby rekreasjonsturar til Solstua for eldre menneske frå dei fattigaste strøka i Oslo.[2]
Familie
endreInga Bjørnson var dotter av byfogden Peter Elias Bjørnson og Laura Mathilde Riiser Larsen, brordotter av diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson og sonedotter av presten Peder Bjørnson. Ho var syster av skodespelaren Aagot Bjørnson og kusine av admiral Hjalmar Riiser-Larsen. Ho var gift to gongar: 1892–1900 med målaren Eyolf Soot, som ho fekk dottera Ingeborg med, og 1900–1909 med skodespelaren Harald Stormoen, som ho fekk dottera Guri med.
Bibliografi
endre- 1950: 30 år med barneteatret[1]
Minnesmerke
endreInga Bjørnsons vei i Oslo har fått namn etter Bjørnson.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bjørnson, Inga (1950). 30 år med barneteatret.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Ut i solen-stua». Askerbibliotekene (på norsk). Henta 25. januar 2024. «Stua spilte hovedrollen i en filantropisk virksomhet som strakte seg over henimot 20 år, fra ca 1930 til omkring 1950. En virksomhet som sprang ut av de «harde tredveåra» - en tid preget av bolignød, arbeidsløshet og fattigdom for mange, særlig i arbeiderstrøkene på Oslos østkant. Drivkraften bak det hele var Inga Bjørnson (1871-1952). (---) Inga Bjørnson, forøvrig en brordatter av Bjørnstjerne B. gikk etter noen år over til sitt store sosiale hjelpearbeide blant hovedstadens eldre. I 1935 eller 1936 arrangerte hun den første utflukt hit ut. | Fra mars 1938 ble stua endelig overtatt av Inga Bjørnsons Fond, og fikk fra da av navnet «Ut i solen-stua».»
- ↑ «Utleie: Ut i solen stua - Asker museum». mia.no (på norsk). Henta 25. januar 2024. «Tilla og Otto skjenket senere huset til revykunstneren Inga Bjørnsons stiftelse ”Ut i solen”. Inga Bjørnson (1851 - 1952) var niesen til Bjørnstjerne Bjørnson. Etter hvert ble hun mest kjent for sin innsats for de eldre. | Fra 1938 var hun primus motor for de såkalte “Ut i solen” -turene for eldre fra de fattigste og mest trangbodde strøkene i Oslo øst.»
- Denne artikkelen bygger på «Inga Bjørnson» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Inga Bjørnson i Store norske leksikon
- Inga Bjørnson i Norsk biografisk leksikon