Botten Soot
Ingeborg Bergit «Botten» Soot (22. mars 1895–21. mai 1958) var ein norsk revyskodespelar og songar.
Botten Soot | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mars 1895 Bergen |
Død | |
Yrke | skodespelar, songar |
Far | Eyolf Soot |
Mor | Inga Bjørnson |
Ektefelle | Trygve Thorsen |
Botten Soot på Commons |
Soot var utdanna som klassisk songar, men revydebuterte på Chat Noir i 1913 og var revyartist på heiltid frå 1915. Spesielt på 1920-talet var ho ein av dei djervaste og mest fantasifulle kunstnarane innan norsk revy. Soot var den fyrste norske kvinnelege revyartisten som komponerte deler av sitt eige materiale, blant anna «Vårvise» og «De gammeldagse Piger». I 1946 gav ho ut boka Mamma i fint selskap og andre historier; boka var illustrert av dottera Berit Soot Thorsen.[1][2]
Familie
endreSoot var dotter av Inga Bjørnson og Eyolf Soot og halvsyster av Guri Stormoen. Ho var mora til skodespelaren og regissøren Svend Soot von Düring (1915–1969).[3]
Soot var gift tre gongar. Det fyrste ekteskapet inngjekk ho med friherre Woldemar von Düring, (f. 6.2.1884, Erlangen, Tyskland, død 9.11.1950, Stockholm). Dei fekk sonen Svend Soot von Düring (1915-1969). Dei blei skilt i 1916. Deretter gifta ho seg med bilethoggaren og målaren Trygve Thorsen, og dei fekk dottera Berit Soot Thorsen (1920–1975), som etter å ha gifta seg tok namnet Berit Soot Kløvig.[2] Ekteskapet med Thorsen blei oppløyst, og i 1924 gifta ho seg med revyartisten og songaren Olaf Kronstad. Dette ekteskapet blei oppløyst nokre år seinare.[1]
Filmografi
endre- 1911 – Under forvandlingens lov
- 1917 – En vinternat
- 1917 – De forældreløse
- 1921 – Jomfru Trofast
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Arent, Hans-Christian (6. mars 2020). «Botten Soot». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). Henta 6. november 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Berit Soot Kløvig». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). Henta 6. november 2021.
- ↑ Henriksen, Petter (red.): Svend Soot von Düring hos Store norske leksikon, Kunnskapsforslaget
- Denne artikkelen bygger på «Botten Soot» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- «Botten Soot» i Norsk biografisk leksikon
- «Botten Soot» i Store norske leksikon