Tilla Valstad
Mathilde Georgine Valstad, oftast kalla Tilla, (31. juli 1871–5. august 1957) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Tønsberg, med etternamnet Christiansen, og døydde i Asker.
Tilla Valstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. juli 1871 Tønsberg |
Død | |
Yrke | journalist, skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Otto Valstad |
Tilla Christiansen utdanna seg til lærar ved den private Nissen Lærerinneskole i Kristiania, og arbeida fyrst som lærar i Tønsberg. Her gifta ho seg med boden og møbelsnikkaren Otto Valstad (1862-1950) frå Hvalstad i Asker, og dei flytta til Kristiania, året etter til Øvre Valstad i Asker, som var garden Otto var oppvaksen på. Der vart dei næraste grannane til Hulda og Arne Garborg. Ei rad kunstnarar, forfattarar og kulturpersonlegdomar busette seg i dette området, som difor vart kalla på folkemunne både Kunstnardalen og Målkroken, då mange av dei var kjende personar som brukte og arbeidde for landsmålet og norsk folkeleg kultur, og hadde heimane til ektepara Valstad og Garborg som samlingsstader: Garborg, Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik, Olav Nygard og andre.
Litteratur
endre- Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4
- Nilsen, Karl, 2019 (1979), Blant kunstnere i det gamle Asker, 2. utgåva, redigert at Randi Gunderson Malm, Asker og Bærum Historielag, ISBN 978-82-90095-23-4