Opna hovudmenyen

KarriereEndra

 
Offiseren, luftfartspioneren og polarforskaren Hjalmar Riiser-Larsen (1890-1965) i 1925
Foto: Deutsches Bundesarchiv
 
Riiser-Larsen og Birger F. Motzfeldt
 
Hjalmar Riiser-Larsen

Han vart uteksaminert frå øvste klassa på Sjøkrigsskolen i Horten i 1915. Riiser-Larsen var sterkt flyinteressert og vart elev i det første kullet ved nyoppretta Marinens Flyveskole i 1915.

Under ei flyoppvisning i Danmark i 1919, vart han av danske aviser kalla «Ursus Major – Store Bjørn». I 1920 leia han Marinen si postflyrute Kristiania–Arendal–Kristiansand og var driftssjef i Det Norske Luftfartsrederi. I 1921 vart han utdanna luftskipførar, og i 1922 flaug han frå Horten til Kirkenes, 2600 km på 21½ timar. Den første flygande legetransporten i Noreg skjedde på veg tilbake.[1]

Han var nestkommanderande på Roald Amundsen og Lincoln Ellsworth sin ekspedisjon i 1925 med flybåtane N-24 og N-25. Han var navigatør med ekspedisjonen til Amundsen, Umberto Nobile og Ellsworth med luftskipet «Norge» over Nordpolen, og han deltok i søket etter luftskipet til Nobile «Italia» og den forsvunne Amundsen.

Etter å ha delteke i Norvegia-ekspedisjonane til Antarktis 1929–1931, søkte han i 1932 om å kome inn i Marinen igjen, men fekk til svar: «Stillingane i Marinane er føreheldt dei som trufast har utført den daglege tenesta si i våpenet.» Med økonomisk støtte frå Fred Olsen, drog han i gang Det Norske Luftfartsselskap (DNL) og var sjef der 1933–1940.

I byrjinga av andre verdskrigen, kom han seg over til Sverige, og reiste – sjølvsagt med fly – via Paris og London vidare til Washington D.C.. Her vart han utnemnd til marineattaché, før han vart kommandørkaptein og utnemnd til sjef for Marinens flygevåpen. Han drog straks til Toronto i Canada, for oppbygginga av treningsleiren for norske flymannskap, Little Norway. Der avløyste han major Bjarne Øen, sjef for Hærens flyvåpen.

Hjalmar Riiser-Larsen vart utnemnd til kontreadmiral i Flyvåpnenes Felleskommando (FFK), med Bjarne Øen, som stabsjef. Regjeringa ville samle flyavdelingane permanent, og 10. november 1944 vart Luftforsvaret oppretta som eiga våpengrein. Riiser-Larsen vart utnemnd til generalmajor, og vart den første øvste sjefen i Luftforsvaret, fram til 1946 då han slutta for å fortsetje ein sivil karriere.

Han var direktør i den norske regionen i Scandinavian Airlines System (SAS) 1950–55.

Han døydde i 1965, og etter eige ynskje fann bisetjinga stad i det stille. For som han sa: «Eg har søkt blest, men det var berre for å få merksemd for den saka som engasjerte meg».

Prisar og utmerkingarEndra

Riiser-Larsen vart tildelt ei rekkje ordenar for virket sitt.[2] Han vart i 1925 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han har Kongen sin fortenestmedalje i gull, Deltagermedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje. Riiser-Larsen var òg storoffisar av Den italienske kroneordenen, kommandør med stjerne av tsjekkiske Den kvite løve-ordenen, riddarkommandør av Den britiske imperieordenen, kommandør av den svensken Vasaordenen, kommandør av Legion of Merit (USA) og riddar av den franske Æreslegionen. Han mottok det tsjekkoslovakiske militære flgvemerke i gull, den tsjekkiske krigsmedaljen, USA sin Bronze Star Medal og den italienske tapperhetsmedaljen for flygarar. Riiser-Larsen heidra med den norske Gunnerusmedaljen og vart i 1930 tildelt med Livingston-medaljen. Han mottok Kgl. Svenska Aeroklubb sin gullplakett og Det kgl. danske Aeronautiske Selskabs sølvplakett, og dessutan var æresmedlem i Norsk Geografisk Selskab og Norsk Aero Klubb.

Utmerkingar
 
Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden
 
Kongens fortenestmedalje i gull
 
Deltagermedaljen
 
Haakon VIIs 70-årsmedalje
 
Den britiske imperieordenen
 
Kommandør av Vasaordenen
 
Kommandør av Legion of Merit
 
Bronze Star
 
Riddar av Æreslegionen
 
Storoffiser av Italias kroneorden
 
Kommandør med stjerne av Den kvite løve-ordenen

Til minne om Hjalmar Riiser-LarsenEndra

 
P3-N Orion som har fått namnet Hjalmar Riiser-Larsen

KjelderEndra

  1. Frå Horten til Kirkenes i 2 Hansa-Brandenburg W.33, juli 1922 www.luftfartshistorie.no
  2. «Hjalmar Riiser-Larsen» , Norsk polarhistorie.

LitteraturEndra

  • Riiser-Larsen, Hjalmar: Mot ukjent land (1930)
  • Riiser-Larsen, Hjalmar: Femti år for Kongen (1957)

BakgrunnsstoffEndra