Ingar O. Skalpe (5. desember 193319. september 2018) var ein norsk lege og forskar. Han tok medisinsk embetseksamen i 1958 og doktorgrad i nevroradiologi ved Rikshospitalet i 1974. Han var tilsett som overlege ved Tromsø Regionsykehus frå 1981 til 1983 og var seksjonsoverlege på nevroradiologisk avdeling på Rikshospitalet frå 1983 til han gjekk av med pensjon i 2003.[1]

Ingar O. Skalpe

Fødd5. desember 1933
Død19. september 2018
NasjonalitetNoreg
Områdemedisin, radiologi, nevroradiologi, medisinsk avbilding
Yrkelege, forskar, radiolog

Forsking endre

På 1970-talet arbeidde Skalpe med utprøving av ei rekkje kontrastvæsker som vart utvikla av mellom anna Nycomed. Føremålet var å finna ut av kva for ein type kontrastvæske som gav færrast biverknader og gav dei beste bileta for presis diagnostisering av sjukdomar i hovudet. Han vart seinare tildelt St. Olavs Orden for dette arbeidet.[2]

Seinare karriere endre

Skalpe var aktiv som foredragshaldar i nevroradiologi over heile verda på store delar av 1980- og 1990-talet. Han var i tillegg medstifter og første formann av Norsk nevroradiologisk forening.[3]

På 1990-og 2000-talet var Skaple aktiv i debatten rundt rettargongen og avrettinga av Vidkun Quisling. Bakgrunnen for debatten var bøkane Quisling – En fører blir til (1991) og Quisling - En fører for fall (1992) skrivne av historikaren Hans Fredrik Dahl. I begge bøkane skreiv Dahl at Quisling vart utsett for fleire smertefulle medisinske eksperiment og feilmedisinering fordi ein ynskte å avdekka reint biologisk kva som gjorde Quisling til eit «geni». Påstandane vart sterkt kritisert i medisinske miljø og Skalpe skreiv fleire innlegg i m.a. Dagbladet som var kritiske til utsegnene.

Han var busett i Mjøndalen i Buskerud fylke.

Referansar endre

  1. Norges leger: 1996. Den norske lægeforening. 1996. s. 70. ISBN 8290921454. 
  2. «Tildelinger av ordener og medaljer». www.kongehuset.no. 
  3. Nevrologien i Norge 1970-1995. Norsk neurologisk forening. 1996. s. 145. ISBN 8299062039. 

Bakgrunnsstoff endre