Vidkun Quisling
Vidkun Abraham Lauritz Jonssøn Quisling (18. juli 1887–24. oktober 1945) var ein norsk politikar og offiser. Han prøvde å styra Noreg under den andre verdskrigen frå 9. april 1940 til 8. mai 1945. Maktstillinga hans var tufta på samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. Quisling var leiar eller «førar» for partiet Nasjonal Samling. Partiet vart skipa etter mønster av det tyske nazipartiet NSDAP.
Vidkun Quisling | |||
| |||
Fødd | 18. juli 1887 Fyresdal komune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. oktober 1945 (58 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Nasjonal Samling | ||
Yrke | politikar, offiser, kollaboratør | ||
Utdanna ved | Krigsskolen Den militære høyskole | ||
Mor | Anna Qvisling | ||
Far | Jon Lauritz Qvisling | ||
Ektefelle | Alexandra Voronin, Maria Quisling | ||
Medlem | Fedrelandslaget Norske Selskab | ||
Verv | Norsk ministerpresident 1. februar 1942–8. mai 1945 | ||
Føregangar | Stilling oppretta | ||
Etterfylgjar | Stilling avvikla | ||
Verv | Norsk forsvarsminister 1931–1933 | ||
Føregangar | Torgeir Anderssen-Rysst | ||
Etterfylgjar | Jens Kobro | ||
Verv | Leiar av Nasjonal Samling 13. mai 1933 – 8. mai 1945 | ||
Føregangar | Stilling oppretta | ||
Etterfylgjar | Stilling avvikla | ||
Alle verv |
|
Etter den andre verdskrigen har ordet «quisling» vorte brukt likt med landssvikar i mange europeiske språk.
Bakgrunn
endreQuisling var først på 1920-talet med Fridtjof Nansen i Russland for å utføre humanitært arbeid, ettersom han snakka russisk. Seinare vart han forsvarsminister i ei Bondeparti-regjering.[1]
I 1939 vitja han Adolf Hitler i Berlin for å åtvara Hitler om at britane ville okkupera Noreg, i tillegg lova han støtte til tyskarane dersom dei okkuperte landet.[2]
Quisling er rekna for å vera den fyrste til å utføra eit kuppforsøk ved hjelp av radio. 9. april 1940 troppa han opp i Norsk rikskringkasting (NRK) og las opp eit skriv om at han danna ny regjering. Kong Haakon VII, stortinget og Johan Nygaardsvold si regjering hadde på grunn av det tyske åtaket flykta nordover mot Elverum. Regjeringa til Quisling hadde lite oppslutnad i folket. Etter fem dagar vart ho avsett og Josef Terboven vart innsett som tysk styrar.
I februar 1942 fekk Quisling tittelen ministerpresident. Han skipa ei regjering med folk frå Nasjonal Samling. I røynda var det tyskarane og deira Reichskommisar Terboven som sat med overordna makt.
Quisling vart dømd for landssvik og avretta ved skyting etter krigen i 1945.[3]
Privatliv
endreQuisling budde ei tid i Villa Grande på Bygdøy i Oslo. Bygningen huser no Holocaustsenteret i Oslo.
Maria Vasilijevna, Quisling si russiske kone, budde i Oslo fram til ho døydde i 1980. Dei hadde ingen born.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Skodvin, Magne (19. september 2022). «Vidkun Quisling». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Vidkun Quisling | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 21. oktober 2022
- ↑ Kjølleberg, Even (22. oktober 2010), «65 år siden Quisling ble henrettet», NRK (på norsk bokmål), henta 21. oktober 2022
Litteratur
endre- Dahl, Hans Fredrik (1991): Quisling - En fører blir til. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-15632-0 / ISBN 82-574-0904-9
- Dahl, Hans Fredrik (1992): Quisling - En fører for fall. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-16960-0 / ISBN 82-574-0978-2
- Høidal, Oddvar (1988): Quisling. En studie i landssvik. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-18401-3
- Quisling, Vidkun (1987): Vidkun Quislings forsvarstale i lagmannsretten 1945. Oslo: Historisk Forlag. ISBN 82-90181-10-8
- Borgen, Per Otto (1999): Norges statsministre. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-22389-3
- Else Margarete Barth. 1996. Gud, det er meg : Vidkun Quisling som politisk filosof . Oslo: Pax Forlag A/S. ISBN 82-530-1803-7
- Else Margarete Barth. 2003. A Nazi interior : Quisling's hidden philosophy (revidert og utvida engelsk versjon av boka Gud, det er meg, utgjeve av Pax Forlag A/S Oslo i 1996). Frankfurt am Main: Lang. ISBN 3-631-50816-6 - ISBN 0-8204-6431-7