Gregorius Dagsson

Gregorius Dagsson (død 1161) var ein norsk høvding i borgarkrigstida. Gregorius Dagsson var lendmann for kong Inge Krokrygg, og Snorre fortel i Haraldssønenes saga at Gregorius og Inge si mor Ingerid Ragnvaldsdotter freista å styra den vanføre kongen.

Dronning Ingerid og Gregorius eggjar kong Inge, teikning av Erik Werenskiold.

Bakgrunn endre

Gregorius var son av Dag Eilivsson, som grunnla Gimsøy kloster, og gjennom mora var han i nær skyld med Giskeætta. Systera Baugeid var abbedisse ved klosteret.[1] Ei anna syster, Borghild, var gift med Kåre kongbror, sammødre halvbror av kong Olav Magnusson.[2]

Lendmann i borgarkrigstida endre

Gregorius var ein av dei fremste lendmennene i si tid, og budde på garden Bratsberg i Grenland. Då han hadde påkalla seg kong Sigurd Munn sin vrede, gjekk han over til bror til kongen, Inge Krokrygg. Han vart ein av Inges sterkaste støtter i dei følgjande konfliktene, då Inge sine brør, Sigurd og Øystein Haraldsson slo seg saman for å fråta han hans del av riket. Inge var sterkt funksjonshemja, og lét høvdingane (mellom anna Gregorius) rå for det meste av landstyringa.[3] Inge sin bror Øystein freista å ta Gregorius til fange, men Gregorius klarte å rømme, og Øystein brann garden hans.[4]

Gregorius vende seg fyrst mot Sigurd og fekk han drepen i Bergen i 1155. Då Øystein ville hemne drapet, overrumpla Gregorius han nokre år seinare ved Foss i Ranrike, der Øystein fall. Då Sigurd Munns son Håkon Herdebrei seinare tok kongsnamn, var Gregorius ein av førarane for den hæren som slo han ved Konghelle i 1159. Men då Gregorius med få menn ville angripe Håkon sine bønder i nærleiken av Uddevalla i januar 1161, vart han drepen. Liket vart gravlagd i Gimsøy kloster.[5]

Våpenskjold? endre

Gregorius vart i «Gerhard Schønings våpenbok» frå sist på 1700-talet, påstått å ha hatt eit våpenskjold, utan at dette er stadfesta i kjelder frå mellomalderen.[6] Påstanden finst ikkje i Iver Hirtzholms våpenbok frå 1600-talet. Truleg er våpenet ei forveksling med våpenet til sysselmannen i Skien, Stig Håkonsson, som er kjent frå 1335.[7]

Referansar endre

  1. Snorre: Håkon Herdebreis saga s. 647 (kapittel 14)
  2. Snorre: Magnus Blindes og Harald Gilles saga s. 606 (kapittel 13)
  3. Snorre: Haraldssønnenes saga s. 626 (kapittel 22)
  4. Snorre: Haraldssønnenes saga s. 633 (kapittel 29-30)
  5. Snorre: Håkon Herdebreis saga s. 647 (kapittel 14)
  6. Harald Nissen og Terje Bratberg: Schønings våpenbok – Gamle Norske Adel Efter et gammelt Manuskript Assessor Ifver Hirtzholm tilhørende, Pirforlaget, Trondheim 2013 sidene 80-81, 164-165 og 251-252. Same våpen, namn og tekst finst i eit handskrift frå Oluf Bang (død 1783): «En gammel fortegnelse på den norske adel». Våpenet er au med under namnet Orm Dagson i Lexicon over Adelige Familier i Danmark, Norge og Hertugdømmerne, bind I, København 1787, side 109.
  7. H.J. Huitfeldt-Kaas m.fl.: Norske Sigiller fra Middelalderen, Oslo 1899-1950, segl nr. 274 og Stigs farfar, baronen Tore Håkonsson, med samme skjold i segl nr. 27 fra 1303.

Litteratur endre