Ingeborg Botnen

norsk Ap-politikar

Ingeborg Botnen (fødd 9. februar 1934 i Brandbu i Oppland) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Telemark i 1981 til 1993. Ho var vararepresentant i perioden 1977–1981.

Ingeborg Botnen
Fødd9. februar 1934
Brandbu
Død17. mars 2022 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, bibliotekar
Alle verv

Ingeborg Botnen er utdanna bibliotekar og var biblioteksjef på Rjukan frå 1972 til ho gjekk av med pensjon i 2004. I perioden 1981 til 1993 hadde ho permisjon då ho var representant på Stortinget for Telemark AP. Ho hadde òg arbeidd ved Deichmanske bibliotek i Oslo og Odda bibliotek før ho kom til Rjukan i 1959. Ho byrja då å arbeida ved Rjukan Bibliotek og vart biblioteksjef der i 1972. Ho har òg vore leiar i Tinn Ap og medlem av fylkestinget og fylkesutvalet i Telemark og medlem av Arbeidarpartiets sentralstyre.

Stortinget sitt presidentskap endre

  • 10. oktober 1989–30. september 1993 – Visesekretær i Stortinget

Stortingskomitéar endre

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre