Ingebrigt Løberg

norsk politikar

Ingebrigt Olsson Løberg (15. desember 186623. juli 1913) var ein lærar og stortingsrepresentant frå Målselv i Troms.

Løberg var son til ein gardbrukar på Alapmo i Målselv. Sjølv vart han seminarist frå Seljord i 1896 og arbeidde så som lærar i Øvre Eiker, deretter i Fyresdal frå 1897 og i Nord-Odal frå 1900. Han kom med i formannskapet i Nord-Odal i 1909 og var ordførar frå 1911. I 1906 vart han formann i Vinger og Odalens arbeidersamlag. Han representerte Vinger og Odalen krins på Stortinget valperioden 1911-13, vald for Arbeiderdemokratene. I 1913 var han sekretær i konstitusjonskomiteen til han vart permittert den 11. juli. Tolv dagar seinare døydde han i Kristiania.

Kjelder endre