Inger Eline Eriksen

norsk politikar

Inger Eline Eriksen (fødd 15. september 1987) er ein norsk samisk politikar og jurist. Frå desember 2016 til september 2017 var ho medlem av Sametingsrådet.

Inger Eline Eriksen
Inger Eline Eriksen (Árja) (10326465796).jpg
Fødd15. september 1987 (34 år)
Statsborgar avNoreg
PartiÁrja
Yrkepolitikar, jurist

Ho stilte til val for partiet Árja ved Sametingsvalet 2009, der ho var femtekandidat i valkrets 2 (Ávjovári valkrets). Ho var vararepresentant i sametingperioden 2009-2013, for representantane Láilá Susanne Vars og Olaf Eliassen.[1] Ved Sametingsvalet 2013 vart ho vald inn som éin av fire representantar for partiet Árja.[2] Ho vart attvald i 2017 og sat til 2021.

Eriksen har elles jobba som advokatfullmektig.[3]

ReferansarEndra

  1. Sametinget - Representanter og vararepresentanter 2009 - 2013[daud lenkje], besøkt 5. november 2013.
  2. Nordportalen - Árjas representanter på Sametinget 2013 - 2017 Arkivert 5. november 2013 på Wayback Machine., besøkt 5. november 2013.
  3. Advokatfirmaet Frøstrup Løitegaard DA - Inger Eline Eriksen Arkivert 5. november 2013 på Wayback Machine., besøkt 5. november 2013.

BakgrunnsstoffEndra