Inger Zachrisson (fødd 1936) er ein svensk arkeolog som særleg har arbeidd med samisk, spesielt sørsamisk forhistorie.

Inger Zachrisson
Fødd1936
NasjonalitetSverige
Yrkearkeolog
InstitusjonarUmeå universitet
Alma materUmeå universitet

Zachrisson disputerte i 1984 ved Umeå universitet med ei avhandling om samiske metalldepot og arbeidde lenge som förste antikvarie ved Statens historiska museum i Stockholm. Dei viktigaste arbeida hennar er utgravingane på Vivallen[1] og tekstar om kulturmøte mellom samar og nørron folkesetnad i forhistorisk og tidleg historisk tid. Grunnen til at dei er viktige er at historikarar som Jan Hårstad og Jørn Sandnes hadde hevda at sørsamane vandra inn i midtre delar av Skandinavia først på 1700-talet. Mot dette kunne Zachrisson vise samiske funn på Vivallen (aust for Røros, på svensk side av dagens grense), frå 800-talet. Desse funna endra med andre ord synet på samisk forhistorie i sør.

Boka Möten i gränsland (1997) er ei oppsummering av arkeologisk status for det sørsamiske området. Ho viste at det frå enden av steinalderen i Skandinavia fanst to kulturtradisjonar, av samar i nordaust og av skandinavar i sørvest. Arkeologiske funn og lingvistiske analyser viste at det fram til år 1300 hadde vore aukande kontakt mellom dei to gruppene.[2][3] Arbeidet hennar med gravområdet frå 1000- og 1100-talet ved Vivallen i Härjedalen viste at det ein hadde rekna som reine vikinggraver i røynda var norrøne handelfolk gravlagde etter samisk tradisjon.[4] Findings of wool and linen clothing, brooches and rings at the site also demonstrated the level of contact between the Scandinavians and the Sami who maintained their non-Christian traditions.[5]

Zachrisson var sakkyndig vitne på samisk side i den såkalte «sedvanerättsprocessen» ved Svegs Tingsrätt og Hovrätten för Nedre Norrland i perioden 1991–2001.[6][7]

Forfattarskap i utvalEndra

  • 1962. «Smedsfyndet från Smiss». I: Tor : tidskrift för nordisk fornkunskap. Uppsala.
  • 1973. «Tro och sed kring björn och björnjakt». I: Västerbotten 1973:1. Umeå.
  • 1984. De samiska metalldepåerna år 1000-1350 i ljuset av fyndet från Mörtträsket, Lappland : The Saami metal deposits A.D. 1000-1350 in the light of the find from Mörtträsket, Lapland. Archaeology and environment 3. Umeå.
  • 1992. «The Saami in Scandinavia» I: From Viking to Crusader: Scandinavia and Europe 800 – 1200. Utgitt av Nordisk ministerråd
  • 1997. Möten i gränsland, samer och germaner i Mellanskandinavien. Statens historiska museum Monographs 4. Stockholm
  • 2004. «Idre sameby - sydligast i Sverige». I: Idre sameby: med historiska spår i framtiden. Utgitt av Gaaltije. ISBN 91-7209-057-x
  • 2007. «Arkeologi inför rätta - sydsamernas äldre historia». I: Historisk rätt? : kultur, politik och juridik i norr. Riksantikvarieämbetet. Stockholm.
  • 2010. «Vittnesbörd om pälshandel? Ett arkeologiskt perspektiv på romerska bronsmynt funna i norra Sverige». I: Fornvännen 2010/3. Stockholm.
  • 2012. «Samer i syd i gången tid - till Uppland och Oslotrakten i söder». I: Uppsala mitt i Sápmi. Rapport från ett symposium arr. av Föreningen för samiskrelaterad forskning i Uppsala. Red. Håkan Tunón et al. CBM:s skriftserie 5. Naptek, Centrum för biologisk mångfald, Uppsala. ISBN 978-91-89232-67-9
  • 2016. Gränsland : mitt arkeologiska liv

ReferansarEndra

  1. Vivallen och Vilhelmina - platsnamn som förändrat samernas historia; hos Sverigesradio.se; 8.1.2013
  2. «South Saami prehistory in Mid-Scandinavia» (PDF). Uppsala University. Henta 19 October 2016. 
  3. Roslund, Mats (2007). Guests in the House: Cultural Transmission between Slavs and Scandinavians 900 to 1300 AD. BRILL. s. 113–. ISBN 978-90-474-2185-6. 
  4. «Historiska museet lyfter fram samernas roll under vikingatiden» (på svensk). Sveriges Radio. Henta 19. oktober 2016. 
  5. DuBois, Thomas (1999). Nordic Religions in the Viking Age. University of Pennsylvania Press. s. 23–. ISBN 0-8122-1714-4. 
  6. Rättsprocesser hos samer.se; 21.2.2008
  7. Arkeologi och politik hos idresameby.se