Ingoda (russisk Ингода) er ei elv i Zabajkalskij kraj i Russland. Elva er 708 km lang og har eit nedslagsfelt på 37 200 km².

Ingoda
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 37 200 km²
Lengd 708 km
Munning Sjilka
Kart
Ingoda
51°42′15″N 115°50′42″E / 51.7042°N 115.845°E / 51.7042; 115.845
Wikimedia Commons: Ingoda River

Ingoda spring ut i Khentijfjella sørvest i Zabajkalskij kraj, og renn nordaustover i ein brei dal mellom Jablonovyjfjella og Tsjerskijfjella. Ved byen Tsjita snur elva mot søraustover, og dalen smalnar til medan elva renn gjennom fleire fjellryggar. Rundt 20 km før byen Sjilka munnar Ingoda saman med elva Onon, og dannar elva Sjilka. Ved munningen er middelvassføringa hennar 72,6 m³/s.

Ingoda er islagt frå byrjinga av november til slutten av april. Dei nedste delane av elva er seglbare.

Byen Tsjita ligg ved elva. Den transsibirske jarnvegen går gjennom dalføret til Ingoda.

Kjelder

endre