Tsjerskijfjella er ei fjellkjede nordaust i Sibir i Russland. Ho vart oppdaga i 1926 av Sergej Obrutsjev, som til Vladimir Obrutsjev, som kalla ho opp etter den litauisk-kviterussiske oppdagaren og geografen Ivan Tsjerskij. Ho går hovudsakleg frå nordvest til søraust gjennom republikken Sakha og Magadan oblast, nær Verkhojanskfjella og området rundt elva Indigirka. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Pobeda, som er 3003 meter over havet. Fjellkjeda ligg på grensa mellom den eurasiatiske og den nordamerikanske plata.[1]

Tsjerskijfjella har i lag med Verkojanskfjella ein viss effekt på klimaet i Sibir. Ryggane hindrar luft som strøymer vestover og gjer at det kjem lite snø på slettene i vest.[2]

Kjelder endre

Fotnotar