Jablonovyjfjella er ei fjellkjede i Sibir i Russland. Ho strekkjer seg om lag 1600 km nordaustover frå Mongolia og går like aust for Bajkalsjøen. I nordaust går ho over i Stanovojfjella. Fjellkjeda utgjer ein del av vasskiljet mellom Nordishavet og Stillehavet. Fjellkjeda er ikkje særleg høg, men lang og tynn. Den høgaste toppen er Sokhondo på 2500 meter over havet.

Den isolerte fjellkjeda er tynt busett og dei fleste busetnadane ligg rundt gruver. Området er særleg rikt på tinn. Den transsibirske jarnvegen går parallelt til fjellkjeda før han går gjennom ein tunnel under fjella.

Kjelder endre