Ingrid Bjørkum (fødd 19. februar 1957 i Drøbak) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Naddvik i Årdal, og er busett i Leikanger. Ho har eksamen i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole 1980. Bjørkum har vore tilsett i Akerhus fylkeskommune, i planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kontorsjef ved Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjordane, likestillingskonsulent same stad, underdirektør ved fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane, miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1995-1997 og ass. fylkesmann same stad frå 1997. Ho vart tilsett som avdelingsdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT i 2008. Bjørkum er seniorrådgivar i Difi.

Ingrid Bjørkum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1957 (67 år)
Drøbak
Yrke skribent
Ingrid Bjørkum på Commons

Ingrid Bjørkum gav 1993 ut ungdomsromanen Mias dagbok (Samlaget), og har elles skrive fleire høyrespel for NRK. Ho er søster til Hilde Bjørkum.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1993 – Mias dagbok (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4221-4 I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Mia og Mari  [Dramatikk. Ikkje publisert, NRK eig rettane.]
  • 1996 – Jonas og jakta på T. Rex  [Dramatikk. Ikkje publisert, NRK eig rettane.]

I bøker - eit utval

endre
  • 1995 – Vengeslag : 10 år Sogn og Fjordane skrivelag 1985-1995 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag). ISBN 82-993603-0-7 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Frost og Eit møte / Ingrid Bjørkum, s. 14-17]
  • 2005 – Tankar møtest : antologi 2005 ( Sogn og Fjordane skrivelag) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Ettertid / Ingrid Bjørkum, s. 14-20]
  • 2016 – Sukkersalta pepar ( Sogn og Fjordane skrivelag)  [Av innhaldet: Reise og Den skeive dagen / Ingrid Bjørkum, s. 52-61]

I tidsskrift - eit utval

endre

Kjelder

endre