Ingrid Bjerkås (8. mai 190130. november 1980) var den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja (men ikkje i Noreg som det ofte vert sagt, då Metodistkyrkja i Noreg var tidlegare ute).

Ingrid Bjerkås

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1901
Oslo
Død

30. november 1980 (79 år)
Bærum kommune

Yrke forkynnar, prest, teolog
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ingrid Bjerkås på Commons

Bjerkås vart cand. theol ved Universitetet i Oslo i 1958. Ho tok praktisk-teologisk eksamen i 1960. 19. mars 1961 vart ho ordinert av Hamar-biskopen Kristian Schjelderup i Vang kyrkje.

Bjerkås var sokneprest til Berg og TorskenSenja frå 14. april 1961 til 1965. Etter det var ho prest ved Martina Hansens hospital i Bærum.

Ingrid Bjerkås sat på Grini fangeleir frå 17. desember 1943 til 31. januar 1944.

I 1966 gav ho ut sjølvbiografien Mitt kall. Same året fekk ho Petter Dass-medaljen.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.