Berg kommune

Tidlegare kommune i Troms
For kommunen i Sverige, sjå Bergs kommun.

Berg kommune (nordsamisk Birggi suohkan) er ein tidlegare norsk kommune som låg på yttersida av Senja i Troms fylke. Han grensa mot Lenvik kommune i aust, mot Tranøy kommune i sør og mot Torsken kommune i sørvest. 1. januar 2020 blei dei fire kommunane slått saman til nye Senja kommune.

Berg kommune
tidlegare kommune
Bergsbotnen inst i Bergsfjorden i Berg.
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Skaland
Areal 294 km²
 - land 277 km²
 - vatn 17 km²
Målform bokmål
Ordførar Roar Jakobsen (LL)
Kommunenr. 1929
Kart
Berg
69°28′00″N 17°23′52″E / 69.466666666667°N 17.397777777778°E / 69.466666666667; 17.397777777778
Wikimedia Commons: Berg (Senja)
Nettstad: www.berg.kommune.no
Utsyn over Hamn i Senja.
Frå Mefjordvær i Berg.

Spisse tindar med fleire toppar over 800 moh. reiser seg bratt opp frå kysten og fjordsidene. Breidtinden er den høgste (985 moh.) og ligg sør for Mefjordbotn og Stormoa nest høgst (973 moh.) og ligg innanfor Bergsfjorden. Bratte og tronge dalar treng inn mellom tindane, fleire av dei endar i botnar fylt med sjøar og vatn. Fjellgrunnen er vesentleg gneis og granitt av prekambrisk alder.

Svanvatnan i søraust er verna mot kraftutbygging, det er også verneverdig fugleliv i Svandalen og Bergsøyan ved innløpet til Bergsfjorden. Tidvatnet i Trongstraumen ved Straumsnes kan ha opptil 7 knops fart.[1]

Næringsliv endre

Skaland ligg A/S Skaland Grafitverk, som er største bergverket i Troms. Verket brann ned i 1985, men vart bygd opp att og er framleis i drift, trass i konkurs og flerie eigarskifte i 1990-åra. Forutan grafittverket er fiske og fiskeforedling dei viktigaste næringsvegane i Berg kommune. Det er fiskeindustri i Senjahopen og Steinfjord. Fisket etter torsk er viktigast, og fiskeflåten består i hovudsak av mindre fartøy. Kommunen har fleire reiselivstilbud, mellom anna Senjatrollet og Hamn i Senja.

Kraftstasjonen i Bergsbotn (utbygd 1985) gir ein årleg produksjon på 30,9 GWh i gjennomsnitt.[1]

Samferdsel endre

Fylkesveg 86 Andselv–Torsken går gjennom den sørlege delen del av Berg kommune, og passerer Trongstraumen ved Straumsnes på ei 140 m lang bru. Frå Straumsbotn går fylkesveg 864 med tunnel til Skaland. Ein fylkesveg forbind Bøvær med Skaland, og derfrå går veg i tunnel til Steinfjord og Ersfjord. Fylkesveg 861 går frå Finnsnes til Mefjordbotn; herfrå går det veg vidare til Senjahopen og Mefjordvær. Ei om lag 4 km lang veg med 2 km tunnel opna i 2004 og knyter saman nordre og søre del av kommunen.[1]

Tettstad i kommunen endre

  • Senjahopen - 257 innbyggjarar per 1. januar 2023

Grunnkrinsar endre

Berg kommune har berre eitt delområde, som igjen er delt inn i følgjande ni grunnkrinsar (innbyggjartal 2008):

Ikkje oppgjeve bustad (23)

Historie endre

Berg kommune omfatta den noverande Torsken kommune fram til 1902, då Torsken vart skild ut. Etter det har kommunegrensene vore uendra. Kommunen var den minste i Troms etter folketal før 1925, då Øverbygd kommune, som var mindre, vart oppretta. Folketalet i kommunen nådde toppen i 1958, då han hadde 1524 innbyggjarar.[2] Frå 2002 til 2008 var Berg den nest minste kommunen i Troms - han vart mindre enn Lavangen kommune i 2002, men passerte i sin tur Torsken kommune i 2008.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Berg kommune frå 1910:

1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1971[2] 1.1.1981[2] 1.1.1991[2] 1.1.2001[2] 1.1.2010[2]
1169 1176 1214 1414 1456 1513 1441 1417 1241 1094 926

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Berg – kommune i Troms». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Folkemengd i Berg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  3. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berg kommune

69°26′45″N 17°17′30″E / 69.44583°N 17.29167°E / 69.44583; 17.29167