Ingrid Mickler-Becker

tysk politikar

Ingrid Mickler-Becker (fødd Ingrid Becker26. september 1942) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Geseke i Nordrhein-Westfalen, som tevla for Vest-Tyskland. Ho vart olympisk meister i femkamp i 1968 og tok også OL-gull med Vest-Tysklands lag på 4x100 m stafett i 1972. Året før vann ho to gullmedaljar under EM i friidrett 1971.

Ingrid Mickler-Becker


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. september 1942 (81 år)
Geseke
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Rheinland-Pfalz' fortjensteorden, Hall of Fame des deutschen Sports

Aktiv endre

Ingrid Becker deltok som den aller yngste i Tysklands tropp under Sommar-OL 1960 i Roma, der ho vart nummer ni høgdehopp. I 1968 tok ho gullmedaljen i femkampen i dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. Året etter sprang ho ein av etappane for Vest-Tysklands kvinnelag på 4x100 m stafett i friidretts-EM i Aten, og vart løna med ein sølvmedalje.

Mickler-Becker vart europameister i lengdehopp i Helsingfors i 1971. I sjette og siste omgangen landa ho på 6,76 meter, og avanserte frå bronseplassen til gull. På den korte stafetten over 4x100 m sprang ho på sisteetappen det vesttyske «firemannslaget» inn til ein ny gullmedalje.

Under sommar-OL 1972 i München kopierte dei vesttyske sprintkvinnene, med Mickler-Becker på plass, EM-triumfen på 4x100 m stafett ved å ta gull med ny verdsrekordtid; 42,81 sekundar.

Kjelder endre