Ingrid Pedersen (17. april 193311. september 2012) var ein svensk-amerikansk flygar.[1] Ho var den første kvinnelege piloten til å fly over Nordpolen.[2]

Ingrid Pedersen
Fødd 17. april 1933
Stockholm
Død

11. september 2012 (79 år)

Yrke flygar

Ingrid Elisabeth Liljegren vart fødd i Stockholm i Sverige. Ho var dotter av Sivert Roland Liljegren (1908-75) og Maud Berg (1915-82). I 1957 tok Ingrid flysertifikat i Sverige. Ho gifta seg med Einar Sverre Pedersen (1919-2008) i 1958. I 1962 flytta familien til Anchorage i Alaska, der Einar Pedersen var stasjonert som navigatør for Scandinavian Airlines på interkontinentale flygingar, Nordpolsruta.[3][4][5]

I 1963 sette Ingrid Pedersen saman med mannen som navigatør ut med eit ein-motors Cessna 205-fly frå Fairbanks i Alaska over den geografiske nordpolen og vidare til Bodø i Noreg.

Ingrid og Einar emigrerte til USA i 1979. Einar Pedersen døydde i 2008. Ingrid Pedersen døydde i 2012 i Anchorage i Alaska.[6]

Kjelder endre

  1. "Ingrid Pederson , Alaska Kapittel Medlem", arkivert frå originalen 29. september 2016, henta 22. mars 2023 
  2. Gibson 2013.
  3. "Einar Sverre Pedersen, 1919 – 2008.
  4. Bjørn Bjørhovde: Einar Sverre Pedersen, Sjefsnavigatør i SAS, pionér i norsk polar- og flyhistorie.
  5. Bjørn Bjørhovde. «Einar Sverre Pedersen, Sjefsnavigatør i SAS, pionér i norsk polar- og flyhistorie.». Norsk biografisk leksikon. Henta 1. desember 2015. 
  6. "Ingrid Pederson", arkivert frå originalen 30. april 2017, henta 24. september 2018 

Bakgrunnsstoff endre