Ingrida Šimonytė
Ingrida Šimonytė (fødd 15. november 1974 i Vilnius) er ein litauisk økonom, universitetslærar og politikar for Tėvynės sąjunga. Ho er statsminister i Litauen frå 24. november 2020.
Ingrida Šimonytė | |||
| |||
Fødd | 15. november 1974 (50 år) Vilnius | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Litauen | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Vilnius | ||
Utdanna ved | Vilnius Žirmūnai Gymnasium Universitetet i Vilnius Handelshøyskolen i Stockholm | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreŠimonytė var finansminister frå 2009 til 2012. I 2013 vart ho vald som nestleiar av den litauiske sentralbanken, men gjekk av då ho i 2016 vart vald som representant i det litausike parlamentet, Seimas.[1][2]
Ingrida Šimonytė var kandidat ved presidentvalet i Litauen i 2019, der ho tapa i andre valomgang for Gitanas Nausėda. Ho posisjonerte seg før valet som ein politikar av «klår tale», og hadde oppslutnad særleg blant unge, urbane veljarar. Utanrikspolitisk stod ho for ei fortsetjing av politikken til avtroppande president Dalia Grybauskaitė, særleg med omsyn til å vise ei fast haldning mot Russland.[3]
Tėvynės sąjunga vann valet i oktober 2020, og Šimonytė vart fremja som statsministerkandidat i ei koalisjonsregjering danna av Tėvynės sąjunga, Lietuvos Respublikos Liberalų sąjūdis og Laisvės partija.[4][5] Šimonytė tiltredde som statsminister 24. november 2020.[6]
Kjelder
endre- ↑ «After Restoration of Independence». finmin.lrv.lt (på litauisk). Henta 1. mai 2019.
- ↑ «Seimas hjemmeside». www.lrs.lt. Henta 1. mai 2019.
- ↑ Antanavičius, Ugnius. «Kandidatai be grimo: I.Šimonytė – apie meilę Naujininkams, brolius Coenus ir santechniką». 15min.lt. Henta 1. mai 2019.
- ↑ «Lithuanian president wishes Simonyte success in taking on PM's role». www.baltictimes.com. Henta 1. november 2020.
- ↑ «Lithuania’s new government: Women-led coalition wins confidence in difficult times». Atlantic Council (på engelsk). 30. oktober 2020. Henta 1. november 2020.
- ↑ «Lithuanian parliament approves Simonyte for prime minister». The Baltic Course | Baltic States news & analytics. 24. november 2020. Henta 24. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Ingrida Šimonytė» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.