Opna hovudmenyen

Ingvild Vaggen Malvik

norsk politikar

Ingvild Vaggen Malvik (fødd 3. april 1971) er ein norsk politiker. Ho vart valt inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 2001 og ho var vararepresentant i perioden 2005–2007. Også då møtte ho fast, sidan Øystein Djupedal var medlem av regjeringa.

Ingvild Vaggen Malvik
Fødd 3. april 1971

Trondheim

Parti Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti

Ingvild Vaggen Malvik vart fødd i Trondheim, som dotter til sjukepleiar Aasa Vaggen (f. 1930) og dreiar Henry Normann Malvik (f. 1933). Ho utdanna seg sidan til cand.polit. i statsvitskap frå NTNU (2000), og har arbeidd som utreiar for Framtiden i våre hender, vitskapeleg assistent og forskar ved NTNU.

Ho var varamedlem av Malvik kommunestyre 1991-1995 (møtte fast 1994-95) for Arbeidarpartiet og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1995-1999. Ho var leiar av Sør-Trøndelag AUF 1991-1993 og styreleiar i Framtiden i våre hender 1998-01.

Ingvild Vaggen Malvik arbeider som seniorrådgivar i NVE.

Innhaldsliste

Stortingets presidentskapEndra

StortingskomitéarEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra