Øystein Djupedal

norsk politikar

Øystein Kåre Djupedal (fødd 5. mai 1960) i Oslo er ein norsk politikar for SV. Djupedal var nestleiar i Sosialistisk Venstreparti frå 1997 til 2005, stortingsrepresentant frå 1993-2009 og kunnskapsminister frå 2005-2007.

Øystein Djupedal

Øystein Djupedal
Foto: Johannes Jansson/norden.org
Fødd5. mai 1960 (64 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedBrundalen videregående skole
FarReidar Djupedal
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervFylkesmann i Aust-Agder 1. oktober 2009–31. desember 2015
FøregangarSvein Åril
EtterfylgjarStein A. Ytterdahl
VervNorsk kunnskapsminister 17. oktober 2005–18. oktober 2007
FøregangarKristin Clemet
EtterfylgjarBård Vegar Solhjell,
Tora Aasland
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1993–30. september 2009
Alle verv

Utdanning og yrke

endre

Djupedal tok artium ved Trondheim Katedralskole i 1979 og utdanna seg til typograf ved Brundalen videregående skole i 1981–1983. Han var lærling ved Wennbergs trykkeri AS og tok svennebrev i litografi i 1985.

Stortinget

endre

Han har vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag sidan 1993, og sat i fire periodar på Stortinget, til han gav seg som stortingspolitikar då den fjerde stortingsperioden gjekk ut i 2009.[1]

Regjering

endre

Frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 var han kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Han og miljøvernminister Helen Bjørnøy trekte seg frå regjeringa i oktober 2007, etter intern og ekstern kritikk mot innsatsen og gjennomslagskrafta deira.

Djupedal innleidde «barnehageløftet» i den andre Stoltenberg-regjeringa, stoppa veksten i privatskular i Noreg gjennom ei tilstramming i privatskulelova. I skulepolitikken stod han derimot for ei vidareføring av det Kunnskapsløftet som forgjengaren Kristin Clemet gjennomførte, med meir fokus på resultatmåling, nasjonale prøver og individuelt tilpassa opplæring og evaluering.

Fylkesmann i Aust-Agder

endre

Djupedal vart i Statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder for ein periode på seks år.[2] Dette var ei utnemning som vart møtt med kritikk.[3] Øystein Djupedal melde seg fyrst som søkjar ein månad etter at søknadsfristen var gått ut, etter å ha vorte beden om å søkje på stillinga av fornyingminister Heidi Grande Røys.

Familie

endre

Øyvind Djupedal er gift og har tre ungar. Han er son av Reidar Djupedal.

Fotnotar

endre
  1. «Gir seg på Stortinget». Aftenposten.no. 1. mars 2008. 
  2. «Offisielt frå statsrådet 19. desember 2008». Statsministerens kontor. 
  3. «Tøff start for Djupedal». NRK Trøndelag. 19. desember 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre