Sjå òg Inishbofin i Donegal.

Inishbofin (irsk Inis Bó Finne, 'Den kvite kua-øya') er ei øy om lag 8 km utanfor kysten av Connemara i County Galway i Republikken Irland. Ho er om lag 5,5 km lang og 3 km brei, og har rundt 200 innbyggjarar. Ein kan nå Inishbofin med båt frå Cleggan. Ho har òg ein landingsplass for helikopter og det er planlagt ei flystripe.

Inishbofin
Lokalt namn Inis Bó Finne
Geografi
Inishbofin is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°37′N 10°13′W / 53.617°N 10.217°W / 53.617; -10.217

Administrasjon
Land Irland
Grevskap Galway

Demografi
Folketal 200

Historie endre

Den engelske namnet på øya kjem frå det irske namnet Inis Bó Finne. Namnet har opphav i ei lokal segn. Øya har vore busett sidan bronsealderen. I 668 grunnla St. Colmán eit kloster[1] på Inishbofin som overlevde fram til 900-talet.[2] Her ligg òg ruinar av Oliver Cromwell sine kasernar, som vart bygde i 1652. Då den mykje hata Cromwell hadde makta vart Inishbofin omforma til ein straffekoloni for den katolske prestestanden. Ein uheldig biskop vart bunden fast til «Bishop's Rock» ved fjøre sjø og drukna då vatnet steig.

På Inishbofin ligg Dún Gráinne, restane av eit fort som vart nytta av den legendariske Grace O'Malley, Irland si sjørøvardronning, i tillegg til ruinar av eit keltisk fort frå 1000-talet fvt. Ein meiner at Inishbofin har vore busett i opp mot 10 000 år.[3] Øybuarane omtalar fortet som Oliver Cromwell's Fort. Det vart bygd i 1650-åra under Cromwell-krigane for å kontrollere inngangen til hamna. Inishbofin var ein av dei viktigaste skipshamnene på vestkysten av Irland i seglskipsdagane. Det var ein av dei siste rojalistskansane som fall til Cromwell sin hær og var okkupert av dei fram til slutten av hundreåret. Cromwell-tilhengjarane nytta han som ein samlingsstad for irske menn og kvinner som skulle transporterast til Vestindia.[4]

I dag har øya om lag 200 innbyggjarar. På det meste hadde øya over 1000 innbyggjarar i 1840-åra.

Fotnotar endre

  1. «St. Colman». Henta 17. september 2006. 
  2. «Inishbofin». Henta 17. september 2006. 
  3. http://www.inishbofin.com/
  4. . New York Times. Hoffstoff, Darlyn Brewer, Where Legends Outnumber People, 1. august 1999.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Inishbofin