Inishmore i County Clare

Inishmore (frå irsk Inis Mór som tyder 'den store øya') eller Deer Island ligg i County Clare i Irland.

Øya ligg på den vestre breidda av elva Fergus, om lag 500 meter får landsben Ballynacally.

I 1901 budde det 9 familiar på øya, men i i 1996 var det berre ein person att. I 1837 var om lag halvparten av øya beitemark, medan den andre halvdelen var oppdyrka. Øya var underlagt jarlen av Egremont og hadde namnet Inchmore. Mellom anna vart det dyrka lin her.

Nærliggande øyar

endre

Av nærliggande øyar finn ein:

  • Cannon Island, inneheld ruinane av eit kloster bygd mellom 1166 og 1169 av Donald O'Brien, konge av Limerick
  • Inishdadroum, har to gamle kyrkjer. I den eine av denne var St. Brendan av Kerry prest.
  • Low Island

Bakgrunnsstoff

endre

Litteratur

endre

Census 96, Vol. 1, Population Classified by Area (Dublin 1997).

Kjelde

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.