Inkavegane i det tidlegare inkariket var eit samanhengande nettverk av vegar med større utstrekning enn noko anna vegnett på det prekolumbiske søramerikanske kontinentet. Vegnettet vart konstruert for å knyte saman regionane i inkariket med senteret i riket, Cuzco. Dei strekte seg frå provinshovudstaden i nord, Quito, ned til der den moderne byen Santiago no ligg i sør. I Andesfjella går vegane opp i høgder over 5000 meter over havet. Den totale lengda av vegane er ca. 22 530 km og nettet gjev tilgjenge til eit territorium på meir enn tre millionar km².

Frå inkavegen mot Machu Picchu

Det var menneske som gjekk på vegane, ofte saman med lama pakkdyr for å bere gods. Jamvel om det ikkje fanst ridedyr eller vogn for å transportere varer før conquistadorane kom kunne transporten vere effektiv. Utanom godstransport var meldingsformidling ein viktig funksjon for vegane. Ei melding kunne flyttast så langt som 242 kilometer per dag, det gjekk føre seg ved at chasqui lauparar sprang med stafettvekslingar. Mediet for meldinga var quipu, kan hende vart òg munnlege meldinger nytta.

For å gje husly til folk som reiste og for chasquis, fanst ca 2 000 gjestehus med jamne mellomrom langs vegane. Desse husa sytte òg for matforsyningar og vatn og her var innhegningar for lamaene. Matvarer som ein kunne lagre var mais, tørka potetar — chuño — og tørka lamakjøtt. Frukttre ved gjestehusa kunne gje fersk frukt.

Dei viktigaste vegstykka endre

Inkavegane var bygd for å integrere heile riket til ei eining. Nettet var sett saman av fire hovudstrekningar:

  1. Frå Cuzco til Quito ( Ecuador ) og Pasto ( Colombia )
  2. Frå Cuzco til Nazca i det sentrale Peru og langs kysten nord til Tumbes kor grensa mellom Peru og Ecuador ligg i dag.
  3. Frå Cuzco til Chuquiabo ( Bolivia )
  4. Frå Cuzco til Arica og Atacama ( Chile ), med forgreining til Río Maule (Chile) og til Tucumán ( Argentina ).

Cápac Ñan var namnet på hovudleia frå Quito gjennom Cuzco til Tucumán og hadde ei lengd på ca 5 200 km. Her gjekk vegen over pass på meir enn 5000 moh. Kystvegen på ca 4000 km gjekk parallelt langs Stillehavet og det var mange tverrvegar for samanknyting med Cápac Ñan.

Kjelder endre