Instituto Antártico Uruguayo

Instituto Antártico Uruguayo (det uruguayanske antarktisinstituttet) er eit Uruguay eit statleg byrå som finansierer, driv, kontrollerer og fremmer forsking i Antarktis i høve til Antarktistraktaten. Det vart opphavleg starta av forskarar, men vert i dag styrt av forsvars-, utanriks- og utdanningsdepartementet i Uruguay.

Artigasbasen vert driven av det uruguayanske antarktisinstituttet på King George Island.

History endre

Uruguay har vore aktiv i Antarktis sidan 1776, då landet først gav løyve til fiske i dei sørlege havområda. I 1916 vart landet offisielt involvert i eit forsøk på å redde sir Ernest Shackleton og mannskapet på skonnertbarken «Endurance»Elefantøya i august det året. Beringsekspedisjonen vart leia av Ruperto Elechiribehety frå den uruguayanske marinen. Frå og med det internasjonale geofysiske året i 1957 deltok marineoffiserer i argentinske og britiske ekspedisjonar til Den antarktiske halvøya og Sør-Shetlandsøyane.

Sjølve instituttet vart grunnlagd i Montevideo den 9. januar 1968 av professor Julio César Musso. I 1975 vart instiuttet underlagt forsvarsdepartementet og fekk då fleire ressursar til å utføre forskinga i Antarktis.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre