Interlaken-Oberhasli

Interlaken-Oberhasli er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 1 229 km² og hadde 46 510 innbyggarar i 2010. Distriktet grensar i nord til kantonane Luzern, Obwalden og Nidwalden, i aust til Uri og i sør til Valais. Distriktet høyrer til forvaltningsregionen Oberland.

Interlaken-Oberhasli
Verwaltungskreis Interlaken-Oberhasli
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Interlaken
Areal 1 229 km²
Folketal 46 510  (31. desember 2010)
Kommunar 29
Kart
Interlaken-Oberhasli
46°40′0″ N 7°52′0″ E
Wikimedia Commons: Interlaken-Oberhasli (administrative district)

Interlaken-Oberhasli omfattar 29 kommunar. Unterseen og Interlaken er dei to med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Beatenberg, Bönigen, Brienz, Brienzwiler, Därligen, Gadmen, Grindelwald, Gsteigwiler, Gündlischwand, Guttannen, Habkern, Hasliberg, Hofstetten bei Brienz, Innertkirchen, Iseltwald, Lauterbrunnen, Leissigen, Lütschental, Matten bei Interlaken, Meiringen, Niederried bei Interlaken, Oberried am Brienzersee, Ringgenberg, Saxeten, Schattenhalb, Schwanden bei Brienz og Wilderswil.

Kjelder endre

Koordinatar: 46°04′N 7°03′E