Obwalden
Tysk: Obwalden
Fransk: Obwald
Italiensk: Obvaldo
Retroromansk: Sursilvania

Våpenet til Obwalden

Kart som viser kvar i Sveits Obwalden ligg.

Hovudstad Sarnen
Folketal 35 585 (2011)
Areal 490,59 km²
Folketettleik 73/km²
Forkorting OW
Høgaste topp Titlis (3238 moh)

Obwalden er ein kanton i Sveits. Han består av to delar, då ein del av kantonen Nidwalden ligg mellom kommunen Engelberg i Obwalden og resten av kantonen Obwalden. Kantonen har eit totalt areal på 491 km², og hadde 35 032 innbyggarar i 2009. Sarnen er hovudstad i kantonen.

Kart med plassering av kommunane i Obwalden

Geografi endre

Härzlisjøen i Engelberg i Obwalden.

Obwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Obwalden er, saman med Nidwalden, dei einaste kantonane som berre grensar til kantonar som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot sør til Bern, mot vest og nordvest til Luzern og mot vest til Nidwalden og Uri. Kantonen har etter Appenzell Innerrhoden færrast innbyggarar. Kantonen har fem store vatn; Sarnensee, Lungerersee, Melchsee, Tannensee og Wichelsee. Høgste fjelltoppen er Titlis, 3 238 meter over havet, som høyrer til Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen er del av dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 moh.

Språk endre

Tysk er offisielt språk.

Religion endre

Ossuarium (beinhus) ved St. Mikaelskapellet i Sarnen.

80 % av innbyggarane er tilslutta den romersk-katolske kyrkja, medan 8 % er protestantar.

Hus i Engelberg med utsyn mot fjellet Hahnen.

Kommunar endre

Kantonen Obwalden består av sju kommunar; Alpnach, Engelberg, Giswil, Kerns, Lungern, Sarnen og Sachseln. Engelberg ligg som ein enklave aust for Nidwalden og resten av Obwalden.

Historie endre

Obwalden og Niwalden utgjer saman Unterwalden, som var ein av dei tre kantonane som i 1291 danna dei sveitsiske eidsforbundet. Før 1999 vart Obwalden og Nidwalden rekna for halvkantonar, kvar av dei hadde ei halv røyst i det sveitsiske stenderrådet. Ordninga med halvkanton vart fjerna frå Sveits si grunnlov i 1999, og Obwalden har no ei røyst i stenderrådet. Dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Obwalden