International Exhibition Centre

International Exhibition Centre (IEC) er det største utstillingssenteret i Ukraina. Arenaen har kapasitet til 15 000 tilskodarar og ligg i den vestre delen av Livoberezjna-distriktet i Kyiv. Bygginga starta i 2002, og arenaen vart opna i oktober same år. Arenaen husa Eurovision Song Contest i mai 2017.[1]

International Exhibition Centre
Offisielt namnМіжнародний виставковий центр, 'Kyiv internasjonale utstillingssenter'
ArkitektYanush Wig
Opnaoktober 2002
Kart
International Exhibition Centre
50°27′08″N 30°35′29″E / 50.452222°N 30.591389°E / 50.452222; 30.591389

Bakgrunn endre

Det var forretningsmogulen Viktor Tkatsjenko som fekk sett i gang bygginga, og som i dag eig senteret. Tkatsjenko var tidlegare direktør for Sportspalasset, ein annan arena i Kyiv. Direktør for senteret er Janosj Vih, som også er arkitekten bak bygningen. Sjef for bygginga var Eduard Sfronov.

Det internasjonale utstillingssenteret har tre hovudpaviljongar på til saman 58 000 kvadratmeter. Av dette er 28 018 kvadratmeter tilgjengeleg for utstillingsformål. Senteret har ein stor kongressal og dessutan 14 konferansesalar med alt frå 90 til 600 plassar. I tillegg finst det ulike kafear og spisestadar, fleire møterom, lagerrom for verdisaker og våpen, toalett og forskjellige tekniske rom.[2]

Vertskap for Eurovision Song Contest endre

9. september 2016 vart senteret vald som arena for den 62. tilskipinga av Eurovision Song Contest 9., 11. og 13. mai 2017. Dei to semifinalane og finalen vart haldne i senteret.[3]

Arenaen er tilknytt det offentlege transportsystemet i Kyiv, mellom anna Livoberezjna metrostasjon på metrolinje 1. Frå stasjonen tek det rundt ti minutt å gå til arenaen.[4]

Kjelder endre

  1. «International Exhibition Centre – History and perspective». Henta 9. september 2016. 
  2. «About IEC». International Exhibition Centre. Arkivert frå originalen 1. februar 2017. Henta 12. januar 2017. 
  3. Jordan, Paul (9. september 2016). «Kyiv to host Eurovision 2017!». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 9. september 2016. 
  4. område rundt International Exhibition CentreGoogle Maps

Bakgrunnsstoff endre