Iokaste eller Jokaste (gresk Ἰοκάστη), òg kalla Epikaste (Ἐπικάστη) var i gresk mytologi dotter av Menoeceus og dronning av Thíva i det antikke Hellas. Ho var gift med kong Laios og vart etter at han døydde gift med sin eigen son Oidipus (Ødipus) utan å vita at dei var i slekt. Ho var syster til Kreon, som etterfølgde Oidipus som konge i Theben. Den greske dramatikaren Sofokles har skildra historia i tragedien Kong Oidipus.

Iokaste

LandTheben
FarMenoeceus
EktefelleLaios, Ødipus
BarnØdipus, Antigone, Polyneikes, Eteokles, Ismene, Laonytos

Bakgrunn endre

Som ung vart Laios fordriven frå Theben av Amphion og Zethus, og fekk opphald hos Pelops, kongen av Pisa på Peloponnes. Under opphaldet der skulle han læra sonen til Pelops, Khrysippus, vognkjøring, men Laios forelska seg i guten, bortførte han og valdtok han.[1] Denne bortføringa skal ha vore tema i ein av dei tapte tragediane til dramatikaren Evripides. Etter at Amphion og Zethus var døde drog Laios attende til Theben og vart utropt til konge der.

Ulukka til Oidipus endre

Etter valdtekta av Khrysippus gifta Laios seg med Iokaste, dotter av Menoeceus, ein tilhengjar av spartoiane. Laios skal ha fått ein spådom frå orakelet i Delfi som fortalde han at han ikkje måtte få barn, fordi barnet ville drepa han og gifta med seg kona hans. I ein annan versjon av historia, fortalt av diktaren Aiskylos, vert Laios åtvara om at han berre kan redda byen viss han døyr barnlaus. Ei natt var likevel Laios rusa og gjorde Iokaste svanger med sonen Oidipus. På ordre frå Laios vart den nyfødde Oidipus sett ut på fjellet Kitherónas med føtene bunde, men han vart funnen av ein gjetar og gjeven til kong Polybus og dronning Merope av Korint, som oppdrog han til han vart vaksen.[2]

Då Oidipus ynskte å vita meir om foreldra sine, rådførte han seg med orakelet i Delfi, berre for å forteljast at han ikkje må dra heim fordi han då ville koma til å drepa far sin og gifta seg med seg si mor. Oidipus trudde at han var frå Korint og drog difor mot Theben for å unngå denne skjebnen.[2] På vegen dit møtte han Laios, som skulle til Delfi for å konsultera orakelet fordi han hadde motteke varsel som indikerte at sonen skulle koma tilbake for å drepa han. Oidipus nekta å bøya seg for kongen, sjølv om følgjesveinane til Laios gav han ordre om det. Laios vart sint og køyrde over foten hans med vognhjulet, og Oidipus drap Laios og alle unntatt ein av tenarane hans. Laios vart gravlagd der han døydde. Seinare vart Theben forbanna med ein sjukdom fordi drapsmannen hans ikkje vart funnen og straffa.

Oidipus, som stadig ikkje visste kven dei rette foreldra hans var, vart konge i Theben etter Laios og gifta seg med enka Iokaste utan å vita at det var mor hans. Dei fekk fire barn saman, Antigone, Ismane, Polyneikes og Eteokles. Då sanninga etter kvart gjekk opp for Iokaste, sprang ho inn på soverommet sitt og hengde seg. Oidipus straffa seg sjølv ved å stikka ut auga sina. Han forlét Theben og overlét styret til sønene sine, medan han vandra resten av livet som tiggar, leidd av dottera Antigone. Den mytiske historia er fortald av Sofokles i tragedien Kong Oidipus og i den etterfølgjande Oidipus i Kolonos.

Barna til Iokaste endre

I tragedien Oidious i Kolonos vert Antigone framstilt som den oppofrande og lojale dotter som står bi ved den ulukkelege far sin og leier han på vandringa hans. Systera Ismane har ei meir forsiktig og perifer rolle.

Sønene Polyneikes og Eteokles deler først kongemakta, men Eteokles jagar etter kvart sin bror vekk. Polyneikes samlar ein hær frå sju kongerike og angrip Theben (jf. Aiskylos sin tragedie De syv mot Theben). Slaget endar med at dei to brørne drep kvarandre, og broren til Iokaste, Kreon, overtek kongemakta.

I Sofokles sin tragedie Antigone er Oidipus død, og Antigone dreg attende til Theben for å gravleggja broren Polyneikes. Kreon har gravlagd Eteokles, men late liket av åtakaren Polyneikes liggja for dyr og åtselfuglar. Antigone freistar å gravleggja han og Kreon dømer henne til døden. Ho var òg trulova med sonen til Kreon, Haimon, og dramaet til Sofokles endar med at Kreon ombestemmer seg og gjev ordre om at Polyneikes skal gravleggjast slik at han kan koma til dødsriket. Det er likevel for seint. Antigone har hengt seg, trulovinga hennar Haimon har òg teke livet av seg, og til slutt utfører òg kona til Kreon Eurydike sjølvmord.

Kjelder endre

  1. Apollodorus, Library, 3.5.5
  2. 2,0 2,1 Apollodorus, Library, 3.5.7