Kong Oidipus (gresk Οἰδίπους Τύραννος, Oidipous Tyrannos) er eit skodespel av den greske dramatikaren Sofokles. Oidipus, vanlegvis fornorska til Ødipus, var ein konge av Theben, son av Laios og Iokaste, som utan å vita det drap faren sin og gifta seg med mora si. Soga om Oidipus er mest kjend for å ha gitt namn til Sigmund Freud sin teori om ødipuskomplekset.

Kong Oidipus
Οἰδίπους Τύραννος

Louis Bouwmeester som Oidipus i ei nederlandsk oppsetjinga av stykket frå rundt 1896
Forfattar(ar)Sofokles
Språkgamalgresk
Sjangergresk tragedie
Uroppføring429 f.Kr.

Handling endre

Kontekst endre

Laios valdtok ein av elevane sine, Khrysippos, som gjest av faren hans, Pelops, og blei forbanna for dette. Forbanninga kom òg til å tynga sonen hans Oidipus. Ved fødselen hans sa eit orakel at han kom til å drepa fare sin. For å unngå skjebnen fekk Laios anklane til spedbarnet gjennombora med ein syl (namnet Oidipos tyder 'oppsvulma fot'), og fekk ein tenar til å setja han ut i skogen for å døy. Tenaren gav i staden barnet til ein gjeter, som igjen overlét barnet til kong Polybos og dronning Merope (eller Periboia) av Korint. Dei oppseda Oidipus som sin eigen son.

Seinare blei Oidipus åtvara av orakelet i Delfi om at lagnaden hans var å drepa far sin og gifta seg med mor si. Han visste ikkje kven dei eigentlege foreldra hans var, og svor å aldri venda tilbake til Korint. Medan han var ute og reiste, kom han til områda rundt Theben, der han slo ein framand i hel under ein krangel – begge nekta å vika for den andre – utan å vita at mannen var faren hans, kongen av Theben. Oidipus redda Theben ved å svara på gåta til Sfinksen, og blei gjort til konge av byen til gjengjeld. Han gifta seg med enkedronninga, og dei fekk fire barn. Teikn frå ovan om ein dyster skjebne oppstod i Theben, og kongen drog ut for å finna årsaka. Sannseiaren Tiresias fortalde Oidipus at han sjølv var kjelda til vanlagnaden. Oidipus oppdaga at han var sonen til Laios og Iokaste, og at alle profetiane hadde gått i oppfylling. Iokaste tok sitt eige liv, og Oidipus stakk ut augo sine.

Oidipus abdiserte som konge av Theben og overlét riket til dei to sønene sine, Eteokles og Polyneikes, som blei samde om å dela trona mellom seg ved at dei sat som kongar anna kvart år. Her sluttar stykket Kong Oidipus, men handlinga held fram i Oidipus i Kolonos. Etter det fyrste året ved makta nekta Eteokles å gje frå seg trona, og broren angreip Theben med tilhengarane sine. Begge døydde i slaget, og kong Kreon, som no var konge, forordna at Polyneikes ikkje skulle gravleggast. Antigone, systera hans, trassa avgjerda, men blei teken og dømd til å gravleggast levande. Systera hennar Ismene sa at ho hadde hjelpt Antigone og ville dela skjebnen hennar. Tiresias fortalde at gudane mislikte avgjerda til Kreon, noko fekk han til å ombestemma seg, og han gjekk sjølv for å gravlegga Polyneikes. I mellomtida hadde Antigone hengd seg for ikkje å bli levande gravlagd, og då Kreon kom til staden der ho skulle gravleggast, blei han angripen av Haimon, som deretter tok sitt eige liv. Då kona til Kreon, Evrydike, fekk høyra om dødsfalla, utførte også ho sjølvmord.

Handlinga i skodespelet endre

 
Framføring av skodespelet ved Festival de teatro grecolatino de Lugo i Galicia i Spania i 2011.

Hjå Sofokles manglar Ødipus den skulda som gjer undergangen til helten lettare å godta for tilskodarane. Forbanninga over faren hans for å ha valdteke Khrysippos blir ikkje nemnd av Sofokles; faren hans Pelops hadde i nokre versjonar av soga bede om at Laios skulle bli verande barnlaus eller, om han fekk barn, bli drepen av sin eigen son.[1] Sofokles sitt skodespel omtalar ikkje denne slektsforbanninga i det heile. Heile handlinga føregår eigentleg i fortida som gradvis blir rulla opp. Denne tilbakeskodande forteljarteknikken er blitt etterlikna av mange seinare dramatikarar, som Ibsen i Gengangere. Han opptrer også i kriminallitteraturen.[2]

På norsk endre

I Noreg kom Kong Oidipus fyrst ut på norsk i 1893 på Aschehoug forlag, gjendikta av Fr. Gjertsen. Peter Østbye gav ut ei bokmålsutgåve i 1924, medan Eirik Vandvik gav ut ei omsetjing i Greske tragediar, band 2, i 1964.[3]

Roller endre

  • Oidipus, konge i Teben
  • Iokaste, kona hans
  • Kreon, svogeren hans
  • Teiresias, ein synsk
  • Ein prest
  • Eit bod
  • Ein tenar
  • Eit anna bod

Framhald av Kong Oidipus endre

  • Sofokles: Antigone (442 f.Kr.)
  • Sofokles: Oidipus i Kolonos (ca. 406 f.Kr.)

Tekstar som skal ha blitt påverka av Kong Oidipus endre

Film endre

  • Don Taylor: Oedipus the King (1984) er ein TV-serie med Michael Pennington som kong Oidipus.

Kjelder endre

  1. Henderson, Jeffrey, «Chrysippus», Loeb Classical Library (på engelsk), henta 29. mars 2023 
  2. Professor Lennart Breitholtz: Epoker og diktere (s. 36), Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1979, ISBN 82-05-1663-6
  3.   Vandvik, E., Aeschylus, & Sophocles. (1964). Greske tragediar (2. utg., Vol. 26, p. 260). Samlaget.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kong Oidipus