Regnbogeaure

fiskeart
Regnbogeaure
Regnbogeaure
Regnbogeaure
Regnbogeaurehoe
Regnbogeaurehoe
Utbreiing og status
Status i Noreg: Utbreiinga av regnbogeaure
Utbreiinga av regnbogeaure
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Salmoninae
Slekt: Oncorhynchus
Art: Regnbogeaure O. mykiss
Vitskapleg namn
Oncorhynchus mykiss

Regnbogeaure er ein laksefisk som opphavleg er utbreidd ved Stillehavskysten og i Nord-Amerika. Arten har òg vorte innført som sportsfisk og/eller oppdrettsfisk til minst 45 land, mellom dei Noreg. Det finst både anadrome og reint ferskvasslevande bestandar.

Kjenneteikn endre

Regnbogeaure har straumlinjeforma kroppar dekte med små skjel. Fargen er sølvaktig, med eit horisontalt raudt/rosa band som har gjeve arten namnet sitt. Ryggen er blå til grøn. Som med andre aureartar er sidene og ryggen til regnbogeauren dekt med svarte flekkar. Regnbogeaure manglar både tenner og tunge.

Kroppslengda til regnbogeauren varierer frå bestand til bestand; dei er ofte minst i elver og bekkar og størst i større innsjøar. Dei største eksemplara som er funne er rundt 800 mm lange.

Det kan vera vanskeleg å skilja regnbogeaure frå vanleg aure Salmo trutta. Ein markant skilnad er at regnbogeauren har flekkar på sjølve halen, medan aure ikkje har flekkar lenger bak på kroppen enn ved halerota.

Levesett endre

Regnbogeaure likar best oksygenrikt, klart og kjølig vatn, men kan finna seg til rette i mange slags miljø. Dei er rovfisk som allereie frå ein ung alder et det dei får tak i, og ser ut til å foretrekka fisk og insekt. Dei tek gjerne fisk som er 1/3 av storleiken sin.

Gyting finn vanlegvis stad om våren. Anadrome bestandar vandrar opp i elvar, medan populasjonar i innsjøar helst gyter nær elvar. Hoa grev gytegropar medan hannane kjempar om å få befrukta egga hennar. Når gropa er litt lengre enn hoa sjølv og ca halvparten så djup, legg den største hannen seg side ved side attmed hoa, og saman slepp dei ut egg og mjølke.

Egga klekkast etter mellom 1 og 5 månadar, avhengig av vasstemperatur og kva underart av regnbogeaure det er snakk om. Denne lange prossessen gjer dei særs sårbare overfor sjukdom, tørke og flaum. Viss dei ikkje er godt nok gravne ned vert dei dessutan fort etne av predatorar som kreps, insekt eller fisk.

Yngelen vert klekka i sjølve gropa, og lever av plommesekken sin den første tida. Etter nokre veker sym dei ut i dei frie vassmassane, og er då om lag 20-25 mm lange. Når plommesekken er brukt opp tek dei til å eta plankton

Regnbogeauren er ein framand art i Noreg, og vert rekna som høgrisikoart på Norsk svarteliste 2007. Dette kjem av at han er økologisk særs lik aure og såleis kjempar om dei same ressursane.

Bakgrunnsstoff endre