Opna hovudmenyen

Isaac Bashevis Singer

amerikansk skribent

LivssogeEndra

Isaac Singer var truleg fødd i november 1902, sjølv om han sjølv oppgav 14. juli 1904 som fødselsdato, i Radzymin nær Warszawa i Polen. Det blir òg hevda at han ikkje blei fødd i Radzymin, men i Leoncin, 4 mil nordaust for Warszawa. [1]Han voks opp i ein rabbinarfamilie, og budde i ungdomen i Warszawa og i den jødiske småbyen (shtetlen, jiddisch דער שטעטל der shtetl) Biłgoraj. Som den eldre broren Israel Joshua Singer byrja han tidleg å publisere journalistikk og skjønnlitterære forteljingar. I 1935 utvandra han frå Polen til USA, der han kom til å skrive for den jiddischspråklege sosialistiske New York-avisa Forverts (jiddisch פֿאָרװערטס, engelsk Forward), og publisere mange romanar og noveller.[2] I 1978 fekk han nobelprisen i litteratur, med denne grunngivinga: «For hans intensive forteljarkunst, som med røter i ein polsk-jødisk forteljartradisjon levandegjer universelle menneskelege vilkår».

Om bøkene hansEndra

Forteljingane hans er ofte fantasifulle, med sterk draging til livet sine mysterium og mystifikasjonar. Dei er skrivne for eit publikum som kjenner til europeiske jødiske tradisjonar såvel som den jiddischkulturen som hadde sin mest fruktbare periode i byrjinga av 1900-talet, men har likevel lokka mange lesarar frå heilt andre kulturområde.

Blant dei mest kjende verka kan nemnast Satan i Goraj, ein historisk roman om hendingar kring Sabbatai Zvi, Trollmannen frå Lublin (roman) og dei sjølvbiografiske romanane Ein dag full av glede og På villspor i Amerika. Novella Jentl, om ei ung kvinna som kler seg ut som mann for å få studere, har også vorte film.

Singer skreiv så godt som berre på jiddisch, men mange av dei seinare bøkene hans vart tidleg omsette til engelsk.

Singer døydde i Surfside i utkanten av Miami i Florida i USA.

BibliografiEndra

ביכער אויף ייִדיש Bikher af yidish / Bøker på jiddischEndra

  • דער שׂטן אין גאָרײַ Der sotn in goray. – Warszawa : Yiddish PEN-Klub, 1935 ; New York : Matones, 1943
  • די פֿאַמיליע מאָשקאַט Di familye moshkat. – 2 bd. – New York : Sklarsky, 1950
  • מײַן טאַטנס בית־דין שטוּב Mayn tatns bes-din shtub. – New York : Der Kval, 1956 ; Tel Aviv : Y. L. Perets, 1979
  • גימפל טאַם און אַנדערע דערציילוּנגען Gimpel tam un andere dertseylungen. – New York : Tsiko, 1963
  • דער קנעכט Der knekht. – New York : Tsiko, 1967 ; Tel Aviv : Y. L. Perets, 1980
  • דער קוּנצנמאַכער פֿוּן לוּבלין Der kuntsnmakher fun Lublin. – Tel Aviv : Hamenorah, 1971
  • מעשׂיות פֿוּן הינטערן אויוון Mayses fun hintern oyvn. – Tel Aviv : Y. L. Perets, 1971
  • דער בעל־תּשוּבֿה Der bal-tshuve. – Tel Aviv : Y. L. Perets, 1974
  • דער שפיגל אוּן אַנדערע דערציילוּנגען Der shpigl un andere dertseylungen. – Jerusalem : Magnes, 1975
  • מײַן טאַטנס בית־דין שטוּב Mayn tatns bes-din shtub. – Jerusalem : Magnes, 1996

Bøker på norskEndra

  • Hvorfor Noa valgte duen. Tegninger av Eric Carle. Overs. av Olaf Coucheron. Oslo : Gyldendal, 1974
  • Den usette : fortellinger. Utvalg og forord ved Gordon Hølmebakk ; omsett av Erik Gunnes. Oslo : Gyldendal, 1976
  • Fiender : en kjærlighetshistorie. Omsett av Gunvor Nyquist. Oslo : Aschehoug, 1977.
  • Sjosja. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1979.
  • Slaven. Omsett av Helge Simonsen. Oslo : Aschehoug, 1979.
  • Fiender : en kjærlighetshistorie. Omsett av Gunvor Nyquist ; etterord av Haagen Ringnes. [Stabekk] : Den Norske bokklubben, 1980
  • Trollmannen fra Lublin. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1980
  • Ung mann søker kjærligheten. Omsett av Kari og Kjell Risvik ; illustrert av Ira Moskowitz. Oslo : Aschehoug, 1981
  • Fortapt i Amerika. Omsett av Kari og Kjell Risvik ; illustrert av Raphael Soyer. slo : Aschehoug, 1982
  • Kjærlighet og eksil. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Stabekk] : Den Norske bokklubben, 1987
  • Familien Moskat. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1987
  • Trollmannen fra Lublin ; Sjosja ; Fiender - en kjærlighetshistorie. [Trollmannen fra Lublin og Sjosja omsett av Kari og Kjell Risvik ; Fiender - en kjærlighetshistorie omsett av Gunvor Nyquist]. Oslo : Aschehoug, 1988
  • Åkrenes konge. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Oslo] : Aschehoug, 1989
  • Fiender : en kjærlighetshistorie Omsett av Gunvor Nyquist. [Oslo] : Aschehoug, 1990
  • Familien Moskat. Etterord av Carl Henrik Grøndahl ; omsett av Kari og Kjell Risvik. [Stabekk] : Den norske bokklubben, 1990
  • Attesten. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Oslo] : Aschehoug, 1993
  • Slaven ; Ung mann søker kjærligheten ; Fortapt i Amerika. [Slaven omsett av Helge Simonsen ; Ung mann søker kjærligheten og Fortapt i Amerika omsett av Kari og Kjell Risvik] Oslo : Aschehoug, 1995

FotnotarEndra

KjelderEndra