Opna hovudmenyen
Politikaren Iselin Nybø.

Iselin og Iselinn er namn med fleire moglege opphav. Det er kjend som eit norsk kvinnenamn, og eit tysk og sveitsisk slektsnamn.

Kvinnenamnet kan vera eit tysk namn avleidd av Isa, som kan vera kjælenamn for namn som Isabel eller Iseline. Namneleddet Ise- kjem frå det gammalhøgtyske isan, 'jern'. Namnet kan også vera ein norsk utgåve av det irske Aisling.

Det tyske og tysk-sveitsiske slektsnamnet er ein variant av namnet Eisele.[1]

Namnet Iselin i NoregEndra

Iselin har norsk namnedag den 19. desember.

Namnet er kjend frå romanen Pan av Knut Hamsun frå 1894. Det kom i bruk i Noreg rundt 1940. Bruken tok til å veksa ved midten av 1970-talet, og nådde ein topp på siste halvdel av 1980-talet, då over 0,4 % av nyfødde jenter blei kalla Iselin. Det var 2 562 kvinner som heitte Iselin i Noreg i 2008, og 82 som heitte Iselinn.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra

  1. «Iselin». Dictionary of American Family Names. Oxford University Press. 2013.  Ved ancestry.co.uk