Isfjell C-19 er ein isfjell som kalva frå Rossisen i mai 2002 langs ei sprekk som forskarane hadde overvaka sidan 1980-åra. Etter at isfjellet braut laus hadde Rossisen gått attende til storleiken han hadde i 1911, då han vart kartlagt av gruppa til Robert F. Scott. Han vart det nest største isfjellet som kalva i området i løpet av få år (etter B-15). Det hadde eit overflateareal på meir enn 5500 km².

Isfjell C-19 / C-19A dei siste åra, mai 2006.
Isfjell C-19 braut av Rossisen, 11. mai 2002, foto:DMSP.

I løpet av 2002 hindra C-19 havisen frå å flyte ut frå det sørvestlege området av Rosshavet og denne blokaden førte til uvanleg mykje is på pvåren og sommaren det året. Dette skapte ein stor reduksjon i produksjonen av planteplankton som er sørs viktig i næringskjeden her.

Sommaren 2003 flytta C-19 nordover særs raskt, passerte rapidly, Cape Adare og braut opp i to bitar: C-19A og C-19B.

I september 2005 byrja isfjellet C-19A etter to år ved kysten av Victoria Land (vest for den franske stasjonen Dumont d'Urville) å drive nordover. I mars 2006 låg isfjellet i Stillehavet, 200 km vest for Ballenyøyane.

I 2008 fekk C-19A namnet Melting Bob etter ein konkurranse sponsa av Hay Festival og Scott Polar Research Institute. I mai 2008 var overflatearealet kring 5 141 km².[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Schoolboy first to 'name' iceberg, BBC, 2008-05-31, henta 7. mars 2014

Bakgrunnsstoff endre