Ishockey under Vinter-OL 1994

Ishockey under Vinter-OL 1994 vart arrangert på Lillehammer og Gjøvik i tida frå 12. til 27. februar 1994. Sverige vart olympisk meister i ishockey for aller fyrste gong, etter finalesiger 3-2 mot Canada. Finland vann bronsefinalen med 4-0 over Russland.

Håkons Hall på Lillehammer
Gjøvik Olympiske Fjellhall

TurneringaEndra

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagsspel, der laga fekk kvartfinalemotstandar basert på plassering i gruppene.

KvartfinalaneEndra

SemifinalaneEndra

  • Canada – Finland 5-3
  • Sverige – Russland 4-3

FinalenEndra

  • Sverige – Canada 3-2 etter straffeslagstevling, 2-2 etter ekstratid.

Tomas Jonsson sende Sverige i leiinga etter 6.10. Midtvegs i den tredje perioden snudde Canada til 2-1, då Paul Kariya og Derek Mayer skåra etter høvesvis 49.08 og 51.43 minuttars spel. Magnus Svensson utlikna til 2-2 då klokka viste 58.11. Etter 10 mållause tilleggsminuttar var det klart for straffeslagstevling. I denne vart Peter Forsberg kampvinnar då han skåra på Sveriges sjuande forsøk, målvakta Tommy Salo hadde nett stoppa Canadas sjuande straffeskyttar.

9 245 tilskodarar såg kampen i ein fullsett Håkons Hall på Lillehammer, den aller siste tevlinga under dei andre vinterleikane i Noreg.

Sverige sitt meistermannskapEndra

  • Målvakter: Tommy Salo, Håkan Algotsson, Michael Sundlöv.
  • Forsvarar: Magnus Svensson, Fredrik Stillman, Tomas Jonsson, Roger Johansson, Kenny Jönsson, Christian Due-Boje, Leif Rohlin.
  • Løparar: Håkan Loob, Patrik Juhlin, Jörgen Jönsson, Peter Forsberg, Roger Hansson, Mats Näslund, Jonas Bergqvist, Charles Berglund, Stefan Örnskog, Patric Kjellberg, Niklas Eriksson, Andreas Dackell, Daniel Rydmark.

KjelderEndra