Isobel Campbell (fødd 27. april 1976) er ein skotsk songar, låtskrivar og cellist. Ho blei kjend som nittenåring som medlem av indiepop-gruppa Belle & Sebastian, men forlet seinare gruppa for å skipa ein solokarriere, fyrst som The Gentle Waves og seinare under sitt eige namn. Ho samarbeidde seinare med songaren Mark Lanegan på tre album.

Isobel Campbell

Fødd27. april 1976 (48 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
Aktiv1996–
Sjangerpop
Instrumentcello, vokal
PlateselskapV2
Verka somsongar, låtskrivar, plateartist

Musikken til Campbell er blitt skildra som anten indiepop, kammerpop eller singer-songwriter. Uansett sjanger lagar Campbell mild og dyster musikk, ofte med bruk av klassiske instrument.

Biografi

endre

1996-2002: Belle & Sebastian

endre

Belle & Sebastian blei skipa i 1996 av Stuart Murdoch og Stuart David; Campbell hadde møtt Murdoch på ein nyttårsfest som tiålring, og deltok deretter på ei innspeling med Murdoch og David som var sponsa av Stow College's Music Business Administration curriculum. Dei kalla seg Belle & Sebastian etter ei barnebok med same namn.[1] Murdoch var hovudsongar på dei to fyrste albuma, med Campbell som spelte cello, perkusjon og på bakgrunnsvokal. Campbell var cellist med klassisk trening.[2] Ho spelte òg på keyboard. Ho song hovudvokal i nokre av songane til gruppa, og var med på å skriva singelen «Legal Man».

Oppfølgjaralbumet var The Boy with the Arab Strap, som inneheld låten «Is It Wicked Not to Care?», der Campbell gong song hovudvokal for fyrste gong. Det neste albumet til bandet var Fold Your Hands Child, You Walk Like a Peasant. Albumet introduserte mange stilistiske endringar, som ein større strykeseksjon og hovudvokal frå fleire av medlemmene; Campbell song på «Family Tree», og song ein duett med Stevie Jackson på «Beyond the Sunrise».

1998: Samarbeid med Snow Patrol

endre

Snow Patrol sitt debutalbum Songs for Polarbears frå 1998 song Campbell på songen «NYC».[3]

2003-2006: Soloarbeid

endre

I 1999 gav Campbell ut det fyrste soloalbumet sitt, The Green Fields of Foreverland, på same merke som Belle & Sebastian, Jeepster Records. Ho nytta artistnamnet The Gentle Waves. Oppfølgjaren var Swansong for You, som kom utg 6. november 2000. Dette albumet var den siste utgjevinga til Campbell som The Gentle Waves. I 2002 samarbeidde ho med den skotske jazzmusikaren Bill WellsGhost of Yesterday, ei samling av Billie Holiday-songar som blei gjeven ut av Creeping Bent. I 2003 gav ho ut eit nytt album, Amorino, under sitt eige namn. Bill Wells blei med på dette albumet, i lag med andre jazzmusikar.[4]Det neste albumet hennar, Ballad of the Broken Seas frå 2006, var eit samarbeid med den tidlegere vokalisten til Screaming Trees, Mark Lanegan.

2007-2013: Samarbeid med Mark Lanegan

endre
 
Campbell med cello i 2008.
 
Campbell opptrer med Mark Lanegan i Barcelona i 2010.

I april 2004 gav Campbell ut ein EP i lag med Mark Lanegan, Time Is Just the Same.[5] Dei gav seinare ut ein singel med tittelen Ramblin' Man for samarbeidsalbumet Ballad of the Broken Seas. Campbell skreiv og spelte inn dei fleste av spora til albumet i Glasgow, medan Lanegan la til vokal i Los Angeles. Albumet blei nominert til Mercuryprisen i 2006.[6] Lanegan og Campbell spelte fire britiske konserter i januar 2007. Konserten i London blei flytta til ein større konsertsal som resultat av stor etterspurnad etter billettar.

I 2007 spelte duoen inn eit nytt album saman, med tittelen Sunday at Devil Dirt. Det kom ut 5. mai 2008. Det blei gjeve ut tre singlar frå albumet: Who Built the Road, Come On Over (Turn Me On) og Keep me in mind sweetheart. Dei fem nye spora på Keep me in mind sweetheart-EP-en blei seinare lagde til som bonusspor på Sunday at Devil Dirt.

Eit tredje samarbeidsalbum med Lanegan kom ut 16. august 2010 med tittelen Hawk.[7] Duoen drog på turné for å promotera albumet, med ein konsert på All Tomorrow's Parties som blei halde 10.-12. desember 2010 og var kuratert av Belle & Sebastian.[8] I juli 2013 blei det gjort kjend at Campbell og Lanegan hadde avslutta den musikalske partnarskapen sin.[9][10]

I februar 2020 gav Isobel ut soloalbum There Is No Other på eit nytt merke, Cooking Vinyl.[11] Det blei utnemnd til vekas album av Rough Trade.

I juni 2022 song Campbell på fransk på EP-en Son Parapluie i lag med Jérôme Didelot, leiaren for bandet Orwell. EP-en inneheld remiksar av Jah Wobble (Public Image Ltd) og Martin Carr (The Boo Radleys).

Diskografi i utval

endre

Studioalbum

endre
  • The Green Fields of Foreverland (1999), som The Gentle Waves
  • Swansong for You (2000), som The Gentle Waves
  • Amorino (2003)
  • Milkwhite Sheets (2006)
  • There Is No Other (2020)

Studioalbum med Mark Lanegan

endre
  • Ballad of the Broken Seas (2006)
  • Sunday at Devil Dirt (2008)
  • Hawk (2010)

Kjelder

endre
  1. Ankeny, Jason. «Isobel Campbell – Biography». Billboard. Henta 30 July 2014. 
  2. Ankeny, Jason. «Isobel Campbell – Biography». Billboard. Henta 30 July 2014. 
  3. «Snow Patrol – Songs For Polarbears». 
  4. Morris, William. «Isobel Campbell: Amorino». Henta 30 July 2014. 
  5. Ankeny, Jason. «Isobel Campbell – Biography». Billboard. Henta 30 July 2014. 
  6. «Arctic Monkeys win Mercury prize». BBC News. 5 September 2006. Henta 22 July 2008. 
  7. Ankeny, Jason. «Isobel Campbell – Biography». Billboard. Henta 30 July 2014. 
  8. Breihan, Tom. «Isobel Campbell Talks Mark Lanegan, New Album, Belle and Sebastian». Henta 30 July 2014. 
  9. Kneitz, Paul. «Mark Lanegan Ends Musical Partnership With Isobel Campbell». Arkivert frå originalen 8 August 2014. Henta 30 July 2014. 
  10. «Interview: Isobel Campbell». Henta 30 July 2014. 
  11. Reddington, Helen (2021), She’s at the Controls: Sound Engineering, Production and Gender Ventriloquism in the 21st Century. Equinox Publishing, Paperback, ISBN 9781781796511