Israel Shamir (fødd 11. juni 1947) er ein russisk-israelsk-svensk forfattar og journalist. Bøkene hans er omsett til mange språk, ei av dei til nynorsk. Blomar frå Galilea, omsett av Hans Olav Brendberg. Magasinet Monitor og svenske expo har lagt ned ressursar for å undersøke Shamirs tilknyting til Sverige. Dei har avslørt og kringkasta at han har folkeregistrert seg i Sverige og skifta namn fyrst til Jöran Jermas og seinare til Adam Ermasch. Mykje av forfattarskapet hans dreiar seg om Israel-Palestina-konflikten. Han er kontroversiell og omdiskutert på grunn av utsegner om jødar og Israel.

Israel Shamir

Pseudonym Исраэль Адам Шамир, Роберт Давид
Statsborgarskap Sovjetunionen, Sverige, Israel
Fødd 11. juni 1947 (76 år)
Novosibirsk
Yrke journalist, skribent, omsetjar, anti-zionist
Israel Shamir på Commons

Skuldingar om antisemittisme endre

Shamir blei i ei periode publisert i Friheten, Morgenbladet og Klassekampen. Det blei kravd at Shamir måtte stengast ute frå spaltene. Ein omfattande debatt om temaet gjekk føre seg på nettforumet KK-forum.

Bakgrunnsstoff endre

  • Heimesida til Shamir
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.