It's Gonna Work Out Fine
It's Gonna Work Out Fine Singel av Ike & Tina Turner | ||
B-side |
«Won't You Forgive Me» (Ike Turner) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1961 | |
Innspelt | 1961 | |
Sjanger | Rock & roll, R&B | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | Sue Records | |
Låtskrivar(ar) | Rose Marie McCoy, Sylvia McKinney | |
Produsent | Ike Turner, Juggy Murray | |
Ike & Tina Turner-kronologi | ||
«I Idolize You» (1961) |
It's Gonna Work Out Fine | «Poor Fool» (1962)
|
«It's Gonna Work Out Fine» er ein song skriven av Rose Marie McCoy[1] og Sylvia McKinney, og gjeven ut som singel av Ike & Tina Turner i 1961. Han er kjend som den første Grammynominerte hitten deira og den andre hitten deira som selde ein million eksemplar etter «A Fool in Love».
Historie
endreSongen vart spelt inn eit år etter Ike og Tina Turner fekk gjennombrotet sitt med den blues-orienterte soulsongen, «A Fool in Love». Oppfølgjaren, «I'm Jealous», selde dårleg, men paret fekk ein liten hit med Ike Turner-songen «I Idolize You». Ein annan populær duo, Mickey & Sylvia, arbeidde med Ike og Tina Turner på songen, og spelte visstnok gitar og korvokal på songen. Mickey Baker insisterte på at Ike Turner ikkje var med på den originale innspelinga. Ike Turner hevda at han spelte gitar på songen.
Rose Marie McCoy sa «Eg skreiv songen, men eg høyrte at Tina ikkje brydde seg om han. Uansett, på den tida sa Sylvia (McKinney) til meg at eg måtte 'høyre denne jenta synge songen'. Då Ika og Tina kom til New York, gjekk eg på Apollo for å sjå dei. Ike ropte på Tina. Han sa 'Syng den songen'. Ho sa ikkje eit ord, men ho song. Ho song som om livet hennar var avhengig av det. Eg sa til Sylvia at om det høyres så bra ut no, så kan eg ikkje vente å høyre han med musikk til.»
Singelen kom ut sommaren 1961 på Sue Records, og songen vart den andre hitten deira som nådde fleire hitlister, med ein 14. plass på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista. Som «A Fool in Love» vart songen eit tidleg høgdepunkt i konsertane til Ike & Tina. Songen vart den første dei hadde som vart nominert til ein Grammypris, i kategorien beste rock and roll-song av ein duo eller band.
Songen vert ofte tilskriven Joe Seneca[2] og ein J. Lee, og har blitt spelt av Manfred Mann (på albumet The Five Faces of Manfred Mann, 1964) og The Spencer Davis Group (på debutalbumet Their First LP i 1965). Ry Cooder spelte ein instrumentalverjson av songen på albumet Bop Till You Drop i 1979. Like før Ike og Tina Turner gjekk frå kvarandre i 1976, spelte dei inn «It's Gonna Work Out Fine» på ny i ein då moderne rockestil.
Tina Turner heldt fram å spele songen på konsertane sine fram til ho gav ut Private Dancer i 1984. I 1993 spelte ho inn songen på ny med Laurence Fishburne for filmmusikken til biografifilmen hennar, What's Love Got to Do with It.
Medverkande
endre1961-versjonen
endre- Solovokal av Tina Turner
- Talt vokal av Ike Turner (eller Mickey Baker)
- Korvokal av Mickey & Sylvia og The Ikettes
- Produsert av Ike Turner
1974-versjonen
endre- Solovokal av Tina Turner
- Talt vokal og piano av Ike Turner
- Korvokal av forskjellige songarar
- Produsert av Ike Turner
1993-versjonen
endre- Solovokal av Tina Turner
- Talt vokal av Laurence Fishburne
- Korvokal av forskjellige songarar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's Gonna Work Out Fine» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cooder, Ry, ‘’Bop Till You Drop’’, Warner Brothers, 1979, liner notes
- ↑ Joe Seneca-diskografi på Discogs