Laurence Fishburne
Laurence John Fishburne III[1] (fødd 30. juli 1961) er ein USA-amerikansk skodespelar, manusforfattar, regissør og produsent. Han er kanskje mest kjend for rollene som Morpheus i The Matrix-trilogien, Jason «Furious» Styles i dramafilmen Boyz n the Hood frå 1991 og Tyrone «Mr. Clean» Miller i krigsfilmen Apocalypse Now i 1991.
Laurence Fishburne | |
Fishburne in September 2009 | |
Verkeleg namn | Laurence John Fishburne III |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. juli 1961 (63 år) Augusta, Georgia i USA |
Yrke | Skodespelar, filmregissør, filmprodusent, manusforfattar |
Aktive år | 1972 til i dag |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Ektefelle | Gina Torres |
Nettstad | www.laurence-fishburne.com |
Laurence Fishburne på Commons |
Fishburne vart den første afroamerikanske skodespelaren som spelte Othello i ein kinofilm frå eit stort studio, då han spelte i Oliver Parker sin versjon av filmen frå 1995 av Shakespeare sitt skodespel. For rolla si som Ike Turner i What's Love Got to Do With It vart han nominert til Oscarprisen for beste skodespelar. Han vann ein Tony Award for beste skodespelar i eit skodespel for rolla si i Two Trains Running (1992) og Emmyprisen for beste gjeseskodespelar i ein dramaserie for rolla si i TriBeCa (1993).
Fishburne har spelt i fleire kult-klassikarar som Deep Cover og King of New York. Frå 2008 til 2011 spelte han Dr. Raymond Langston i dramaserien CSI: Crime Scene Investigation og frå 2013 til 2015 spelte han spesialagent Jack Crawford i thrillerserien Hannibal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Laurence Fishburne» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.
- ↑ «Laurence Fishburne». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. 2008. Henta 16. mai 2016.