Opna hovudmenyen
Private Dancer
Studioalbum av Tina Turner
Utgjeve 29. mai 1984
Innspelt 1983–1984
Sjanger Pop, rock, new wave, R&B
Lengd 44:02
Selskap Capitol
Produsent Terry Britten, John Carter, Leon «Ndugu» Chancler, Wilton Felder, Rupert Hine, Joe Sample, Greg Walsh, Martyn Ware
Tina Turner-kronologi
Love Explosion
(1979)
Private Dancer Mad Max Beyond Thunderdome
(1985)
Singlar frå Private Dancer
  1. «Let's Stay Together»
    Utgjeve: 7. november 1983
  2. «Help!»
    Utgjeve: 25. februar 1984
  3. «What's Love Got to Do with It»
    Utgjeve: 4. juni 1984
  4. «Better Be Good to Me»
    Utgjeve: 12. september 1984
  5. «Private Dancer»
    Utgjeve: 28. oktober 1984 (US)
    17. februar 1985 (UK)
  6. «I Can't Stand the Rain»
    Utgjeve: 1. mars 1985
  7. «Show Some Respect»
    Utgjeve: 4. mai 1985

Private Dancer er det femte studioalbumet til Tina Turner. Det var debutalbumet hennar for plateselskapet Capitol Records og kom ut i mai 1984. Plata vart spelt inn fleire stader i England med fire forskjellige produksjonsteam, inkludert Rupert Hine, og Martyn Ware og Ian Craig Marsh frå Heaven 17. Det var ei radikalt ny retning frå rhythm and blues-stilen Turner hadde spelt med den eks-mannen og den tidlegare partneren Ike Turner. Songane på albumet er ei blanding av livlege songar og balladar, som hovudsakleg er inspirerte av pop og rock, med element av smooth jazz og R&B.

Etter fleire krevjande år som soloartist etter skilsmissen med Ike, gjorde Private Dancer Turner til ei stor solostjerne, og ein av dei mest seljelege crossover-songarane i plateindustrien. Plata vart ein verdsomfattande suksess og selde til fleire platinaplater i Australia, Canada, Tyskland, Storbritannia og USA. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar i Nord-Amerika. Det vart gjeve ut sju singlar frå Private Dancer, inkludert «What's Love Got to Do with It», «Better Be Good to Me», «Private Dancer» og «Let's Stay Together». Plata fekk god kritikk av musikkpressa då det kom ut og ein hylla energien og den rå kjensla som Turner gav dei glatt produserte pop- og rocksongane. Albumet står att som albumet som mjuka opp den rå southern soul-stilen hennar og skapte eit «landmerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk».[1] Albumet vart marknadsført gjennom 1985 med 177 konsertar verda over under Private Dancer-turneen.

Bakgrunn og produksjonEndra

John Carter i Capitol Records har fått æra for å ha relansert karrieren til Tina Turner i 1980-åra.[2] I 1983, trass i motstand i Capitol, fekk ho platekontrakt og gav ut albumet Private Dancer. Sjølve albumet vart produsert i England med fleire forskjellige produsentar.[1]

«Let's Stay Together» vart produsert av Martyn Ware og Ian Craig Marsh frå det britiske bandet Heaven 17. Terry Britten produserte den reggae-aktige «What's Love Got to Do with It». Rupert Hine produserte «Better Be Good to Me», som vart skriven av Holly Knight, Mike Chapman, og Nicky Chinn dei fleste andre songane.[3] John Carter produserte «Private Dancer», som vart skriven av Mark Knopfler med gitarsolo av Jeff Beck. «Ball of Confusion», ein versjon av The Temptations-songen, var det første samarbeidet til Turner med produksjonsgruppa B.E.F. (British Electric Foundation)/Heaven 17 og ein del av samarbeidet deira i 1982 på albumet Music of Quality and Distinction Volume One. Denne var ikkje med på albumet Private Dancer. Ei innspeling av Sam Cooke sin «A Change Is Gonna Come» frå den same innspelinga kom sidan ut i ny miks på B.E.F. sitt Music of Quality and Distinction Volume Two i 1991. «Help!» vart spelt inn med The Crusaders.

Utgjeving og mottakingEndra

Albumet kom ut den 29. mai 1984 og vart ein enorm suksess. Private Dancer har seld til 5 × platina (5 millionar eksemplar[4]) i USA og selde kring 250 000 eksemplar i veka i løpet av to månader. I alt reknar ein med at albumet har seld kring 20 millionar eksemplar verda over.[5]

Albumet inneheld fleire suksessrike singlar, som «What's Love Got to Do with It», som gjekk til topps i USA og låg på toppen i tre veker. Under Grammy-prisen i 1985 vann Private Dancer fire av seks prisar det var nominert til. Ikkje mindre enn sju enn dei ti songane på albumet (ni i USA) vart gjevne ut som singlar: «Let's Stay Together», som nådde topp 10 i Storbritannia og topp 30 i USA, «Help!»; «What's Love Got to Do with It"; «Better Be Good to Me»; «Private Dancer»;, «I Can't Stand the Rain» og «Show Some Respect» (1985).

I 1997 gav EMI, hovudselskapet til Capitol Records, ut ei Centenary Edition av Private Dancer med ny digital lyd på CD, og det kom då ut med fire demospor spelte inn seint i 1983 og tidleg i 1984 med produsenten John Carter. Dei vart først gjevne ut som B-sider til somme av singlane frå Private Dancer, i tillegg til tre lengre 12" miksar. Albumet er det einaste av Tina Turner sine studioalbum som har blitt gjeve ut med ny digital lyd.

PlatemeldingarEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]
Robert ChristgauA-[7]

Kritikarane var positive til albumet. Los Angeles Times meinte at stemma hennar «smeltar vinyl».[8] Debby Miller skreiv i juli 1984 i Rolling Stone at ho meinte albumet var eit mektig comeback, og at stemma til Turner var «hes, men kraftig», og at alle songanr var gode i ein «moderne rockesetting» som var «verken frittståande eller særs masete».[3] Robert Christgau meinte at ho klarte å levere ærleg «angsten til gjennomsnittsmenneske i nyare tids profesjonell låtskriving» og hadde kontrollen over eit album med fire forskjellige produksjonslag som gav det ein «saumlaus autoritet».[9]

TurnéEndra

Det vart halde 177 konsertar for å marknadsføre albumet den 8. februar 1985 til 28. desember 1985, kalla Private Dance-turneen. Denne bestod av 60 konsertar i Europa, 105 i Nord-Amerika, ti i Australia og to i Japan. Oppvarmingsartistar i Nord-Amerika var mellom andre Glenn Frey og Mr. Mister. I tillegg til songar frå albumet spelte Turner hittar frå tida si med Ike & Tina Turner, som «River Deep – Mountain High», «Nutbush City Limits» og «Proud Mary».

EttermæleEndra

Alex Henderson skreiv i ei nyare melding for AllMusic at albumet var glattare enn R&B-klassikarane ho spelte inn med Ike & Tina TUrner, men ho klarte likevel å synge med ein ru lidenskap det som var ein av dei finaste soloplatene hennar.[10] Stephen Holden skreiv i The New York Times at med å bruke engelske produsentar som mjuka opp den rå Southern soul-stilen hennar, utan «larmande blåsarar, vill perkusjon og gospelkor», vart albumet eit «landemerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk».[1]

Michael Lydon skreiv i Robert Dimery sin 1001 Albums You Must Hear Before You Die at tekstane på albumet tok inn den personen hennar som «tøffe, sexy kvinna som har gått livets skule», og at vokalen hennar overgår den glatte produksjonen, med «utemmeleg sjel» som samlar dei mange produsentane.[11] I 1989 vart albumet rangert på 46. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 95. plassen på lista til fjernsynskanalen VH1 over dei beste albuma gjennom tidene. Slant Magazine sette albumet på 63. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1980-åra og sa «Private Dancer var både ei personleg frigjering og ei lydmessig forsoning, som ikkje berre etablerte Turner som ein genuin diva, men som ei verkeleg naturkraft».[12]

InnhaldEndra

Original amerikansk vinyl- og kassettversjonEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «I Might Have Been Queen» (Hine, Obstoj) 4:10
2. «What's Love Got to Do with It» (Britten, Lyle) 3:49
3. «Show Some Respect» (Britten, Shifrin) 3:18
4. «I Can't Stand the Rain» (Bryant, Miller, Peebles) 3:41
5. «Better Be Good to Me» (Chapman, Chinn, Knight) 5:10
Side ein
# Tittel Lengd
6. «Let's Stay Together» (Green, Jackson, Mitchell) 5:16
7. «1984» (David Bowie) 3:09
8. «Steel Claw» (Brady) 3:48
9. «Private Dancer» (Knopfler) 7:11

Original internasjonal utgåveEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I Might Have Been Queen»  Jeanette Obstoj, Rupert Hine, Jamie West-Oram Tina Turner* 4:10
2. «What's Love Got to Do with It»  Terry Britten, Graham Lyle 3:48
3. «Show Some Respect»  Britten, Sue Shifrin 3:18
4. «I Can't Stand the Rain»  Ann Peebles, Don Bryant, Bernard Miller 3:41
5. «Private Dancer»  Mark Knopfler 7:11
6. «Let's Stay Together»  Willie Mitchell, Al Green, Al Jackson jr. 5:16
7. «Better Be Good to Me»  Holly Knight, Nicky Chinn, Mike Chapman 5:11
8. «Steel Claw»  Paul Brady 3:48
9. «Help!»  John Lennon, Paul McCartney 4:30
10. «1984»  David Bowie 3:09

Nymastra utgåverEndra

Bonusspor på Centenary Edition frå 1999
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «I Wrote a Letter» («Let's Stay Together» b-side)Inga Rumpf 3:24
12. «Rock 'n Roll Widow» («Help» b-side)Tom Snow 4:45
13. «Don't Rush the Good Things» («What's Love Got To Do With It» b-side)Neil Gammack 3:46
14. «When I Was Young» («Better Be Good To Me» b-side)Eric Burdon, Victor Briggs, John Weider, Danny McCulloch 3:11
15. «What's Love Got to Do with It» (Extended 12" Remix)Britten, Lyle 5:48
16. «Better Be Good to Me» (Extended 12" Remix) (edit)Knight, Chinn, Chapman 7:03
17. «I Can't Stand the Rain» (Extended 12" Remix)Peebles, Bryant, Miller 5:45
Bonusplate på 30th Anniversary Edition frå 2015
# Tittel Lengd
1. «Ball of Confusion (That's What the World is Today)» (med B.E.F.)  
2. «I Wrote a Letter» («Let's Stay Together» b-side)  
3. «Rock 'n Roll Widow» («Help» b-side)  
4. «Don't Rush the Good Things» («What's Love Got To Do With It» b-side)  
5. «When I Was Young» («Better Be Good To Me» b-side)  
6. «Keep Your Hands Off My Baby» («Private Dancer» b-side)  
7. «Tonight» (Live with David Bowie) (Live at The NEC, Birmingham)  
8. «Let's Pretend We're Married» (Live)  
9. «What's Love Got to Do with It» (Extended 12" Remix)  
10. «Better Be Good to Me» (Extended 12" Remix) (edit)  
11. «I Can't Stand the Rain» (Extended 12" Remix)  
12. «Show Some Respect» (Extended Mix)  
13. «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» (Single Edit)  
14. «One of the Living» (Single Remix)  
15. «It's Only Love» (med Bryan Adams)  

MedverkandeEndra

Musikarar

Produksjon

  • Strykearrangement: David Cullen (spor 10)
  • Arrangørar: Greg Walsh, Martyn Ware
  • Samleprodusent: Akira Taguchi
  • Kreativ direktør: Sam Gay
  • Kunstnarisk leiar: Roy Kohara
  • Design: John O'Brien
  • Fotografi: Peter Ashworth (omtalt som Pete Ashworth)

ListerEndra

VekeslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[13] 7
Austerrikske album (Ö3 Austria)[14] 1
Canada (The Record)[15] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[16] 3
Finland (Suomen virallinen lista)[17] 4
Frankrike (SNEP)[18] 14
Tyskland (Offizielle Top 100)[19] 2
Japan (Oricon)[13] 46
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[20] 2
Norske album (VG-lista)[21] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[22] 7
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[23] 3
Britiske album (OCC)[24] 2
US Billboard 200[25] 3
US Top R&B/Hip Hop Albums (Billboard)[26] 1
Liste (2015) Plassering
Ungarske album (MAHASZ)[27] 10

ÅrslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[28] 17
Canada (RPM)[29] 8
Nederland (MegaCharts)[30] 9
Frankrike (SNEP)[31] 71
Tyskland (Offizielle Top 100)[32] 17
New Zealand Albums (RMNZ)[33] 27
Noreg - Haustlista (VG-lista)[34] 6
Sveits (Schweizer Hitparade)[35] 6
UK Albums (OCC)[36] 18
US Billboard 200[37] 39
US Top R&B/Hip-Hop Albums (Billboard)[37] 11
Liste (1985) Plassering
Austerrike (Ö3 Austria)[38] 1
Canada (RPM)[39] 28
Nederland (MegaCharts)[40] 25
Tyskland (Offizielle Top 100)[41] 2
New Zealand Albums (RMNZ)[42] 15
Sveits (Schweizer Hitparade)[43] 1
UK Albums (OCC)[44] 16
US Billboard 200[45] 5
US Top R&B/Hip-Hop Albums (Billboard)[46] 2
Liste (1986) Plassering
UK Albums (OCC)[47] 78

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[48] 7× Platina 700 000^
Finland (Musiikkituottajat)[49] Gull 33,464
Frankrike[50] Gull 108,400[51]
Tyskland (BVMI)[52] 5× Gull 1 250 000^
New Zealand (RMNZ)[53] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[54] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[55] 3× Platina 900 000^
USA (RIAA)[56] 5× Platina 5 000 000^
Oppsummering
Verda 20,000,000[5]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Grammy-prisarEndra

År Vinnar Kategori
1985 "Better Be Good to Me" Best Female Rock Vocal Performance
1985 "What's Love Got to Do with It?" Best Female Pop Vocal Performance
1985 "What's Love Got to Do with It?" Record of the Year
1985 "What's Love Got to Do with It?" Song of the Year

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Stephen Holden (2012). «Tina Turner News». The New York Times. Henta 18. april 2016. 
  2. «Passings: Bill Summers, John S. Carter, Ruth C. Cole». Los Angeles Times 24 Mai 2011. Henta 18. april 2016.
  3. 3,0 3,1 Debby Miller (5 July 1984). «Tina Turner: Private Dancer : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2008-07-24. Henta 18. april 2016. 
  4. Official Tina Turner Fan Club Biography
  5. 5,0 5,1 «'Carter,' Veteran Producer and A&R Exec, Dead at 65». Billboard. Prometheus Global Media. May 12, 2011. Henta 18. april 2016. 
  6. Almusic review
  7. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=1588&name=Tina+Turner
  8. Tina Turner, Kurt Loder (1 Sep 1986). I, Tina. Morrow. s. 219. Henta 18. april 2016. 
  9. Robert Christgau. «Robert Christgau: CG: Tina Turner». robertchristgau.com. Henta 18. april 2016. 
  10. Alex Henderson (2012). «Private Dancer - Tina Turner : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». allmusic.com. Henta 18. april 2016. 
  11. Michael Lydon (5 Des 2011). 1001 Albums: You Must Hear Before You Die. Hachette UK. Henta 18. april 2016. 
  12. «The 100 Best Albums of the 1980s | Feature». Slant Magazine. Henta 12. april 2016. 
  13. 13,0 13,1 «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. September 15, 1984. Henta 18. april 2016. 
  14. "Tina Turner - Private Dancer" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  15. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. December 15, 1984. Henta 18. april 2016. 
  16. "Tina Turner – Private Dancer". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  17. «Albumit 1985-03 maaliskuu» (på Finnish). InfoDisc. Henta 18. april 2016. 
  18. «Le Détail des Albums de chaque Artiste» (på French). InfoDisc. Henta 18. april 2016. 
  19. «Tina Turner - Private Dancer» (på German). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016. 
  20. "Tina Turner – Private Dancer". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  21. "Tina Turner – Private Dancer". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  22. "Tina Turner – Private Dancer". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  23. "Tina Turner – Private Dancer". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
  24. "Tina Turner | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 18. april 2016.
  25. "Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard 200 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016.
  26. "Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Top R&B/Hip Hop Albums for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016.
  27. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 18. april 2016.
  28. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  29. «Top 100 Albums of 1984». RPM. January 5, 1985. Henta 18. april 2016. 
  30. «Jaaroverzichten - Album 1984» (på Dutch). Hung Medien. Henta 18. april 2016. 
  31. «Les Albums (CD) de 1984 par InfoDisc» (på French). InfoDisc. Henta 18. april 2016. 
  32. «Top 100 Album-Jahrescharts 1984» (på German). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016. 
  33. «Top Selling Albums of 1984». RIANZ. Henta 18. april 2016. 
  34. «Topp 40 Album Høst 1984» (på Norwegian). VG-lista. Henta 18. april 2016. 
  35. «Swiss Year-end Charts 1984». Hung Medien. Henta 18. april 2016. 
  36. «Najlepiej sprzedajace sie albumy w W.Brytanii w 1984r» (på Polish). Z archiwum...rocka. Henta 18. april 2016. 
  37. 37,0 37,1 «Top Pop Albums» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. December 22, 1984. Henta 18. april 2016. 
  38. «Jahreshitparade Alben 1985» (på German). Hung Medien. Henta 18. april 2016. 
  39. «Top 100 Albums of 1985». RPM. December 28, 1985. Henta 18. april 2016. 
  40. «Jaaroverzichten - Album 1985» (på Dutch). Hung Medien. Henta 18. april 2016. 
  41. «Top 100 Album-Jahrescharts 1985» (på German). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016. 
  42. «Top Selling Albums of 1985». RIANZ. Henta 18. april 2016. 
  43. «Swiss Year-end Charts 1985». Hung Medien. Henta 18. april 2016. 
  44. «Najlepiej sprzedajace sie albumy w W.Brytanii w 1985r» (på Polish). Z archiwum...rocka. Henta 18. april 2016. 
  45. «Top Pop Albums» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. December 28, 1985. Henta 18. april 2016. 
  46. «1985: Top R&B/Hip-Hop Albums». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016. 
  47. «Najlepiej sprzedajace sie albumy w W.Brytanii w 1986r» (på Polish). Z archiwum...rocka. Henta 18. april 2016. 
  48. «Canadian album salstrofé – Tina Turner – Private Dancer». Music Canada. 
  49. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  50. «Les Certifications» (på French). InfoDisc. Henta September 13, 2015. 
  51. «Les Albums Or» (på French). InfoDisc. Henta September 13, 2015. 
  52. «Gold-/Platin-Datenbank (Tina Turner; 'Private Dancer')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  53. «New Zealand album salstrofé – Tina Turner – Private Dancer». Recording Industry Association of New Zealand. 
  54. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  55. «British album salstrofé – Tina Turner – Private Dancer». British Phonographic Industry.  Enter Private Dancer in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  56. «American album salstrofé – Tina Turner – Private Dancer». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH